Spelekraft, sogebøker og strålande Sigrid!

Av Liv Anne man 29.04.2024 - 22:07
Sigrid Moldestad i brurebenken i Ljosheim


Sigrid Moldestad fylte grendahuset med musikk, soger og folk søndag. Tett på publikum, i brurebenken framme i salen, trollbatt ho publikummet sitt. 

«Og bobler på ein søndag, her er det håp» sa Sigrid då ho opna programmet! På veg inn i Storesalen i Ljosheim vart det bydd fram nybaka kringle, kaffi og rosa bobler! 

Sigrid Moldestad er heilt i starten soloturnèen, «Sigrid Moldestad - Med kjærleik frå Breim». Ho var åleine musikar, med feler, ein liten elektrisk gitar - og ikkje minst ei fantastisk røyst.

Bobler på ein søndag! Her er det håp!

Sigrid Moldestad framførte verkeleg sin kjærleik til bygda Breim og dei som har vore før oss i verda. Han Anders Reed, Gabriel Reed og ikkje minst han Peder Råd var nokre av spelemennene og inspiratorane frå barndommen og ungdomstida heime i Breim. Ho fortalde òg om korleis ho lærte å spela fele som lita jente, der ho lærte slåttar direkte frå spelemenn i bygda. Naboen, «han Peder» tok henne under sine musikalske vengjer då han tok sundagsturar innom til familien Moldestad for å spela fele med unge Sigrid og drikka kaffi og eta kake saman med foreldra hennar. 

Sigrid og mor hennar byrja spela fele samstundes, og i starten likte Sigrid kaffipausane i Spelemannslaget aller best. Ho opplevde stor underhaldning ved å høyra på dei vaksne som kosa seg med kaffi og prat. 

Lyden av heimbygda.  

Forteljingane og musikken vart hennar lidenskap, og no trålar ho bygdebøkene etter gode soger og forteljingar om korleis det var «i gamle dagar». Så brukar Sigrid dei små sogene og forteljingane ho finn, legg til dei sin eigen fantasi og slik vert det hennar eigne tekstar og slåttar.  For Sigrid er særleg oppteken av «gamle dagar», og å fortelja og spela vidare det ho har høyrt og lært. 

-Å leva som folkemusikar gjev meg høve til å vera oppteken av «gamledagar».  Musikken er ei formidling av ei tid som har vore, og slik lever den gamle tida vidare.

I Ljosheim framførte Sigrid Moldestad slåttar etter læremeistrar, eigne slåttar – og ho framførte fleire eigne songar. Stemmekrafta til Sigrid varma heile forsamlinga, og det var slett ikkje tårefritt i salen. Sigrid skriv eigne tekstar, og ho har tonesett fleire diktarar, mellom anna Jan Magnus Bruheim. Spelelista for kvelden kunne ikkje passa betre i Eksingedalen: «Bonden», «Visa til far», «Eg vil vera her», for å nemna nokre.

Kvinnekraft
At Breim er den vakraste staden i verda, tvilar ingen på etter alle forteljingane. Naturen, tradisjonane og dei gamle læremeistrane. Sigrid er tydeleg stolt av musikken som har levd i Breim og Nordfjord. Ho trekkjer også sine kvinnelege førebilete innafor spelekunsten.

-På 80-talet herja Honndalstausene rundt i Nordfjord, som store inspiratorar. 

Dei kvinnelege folkemusikarane vart synlege og funne fram att. Ei av dei var Samuline Seljeset, som Sigrid hylla i sin eigen song som avsluttning på programmet. 

- Det gler meg å høyra forteljinga om damene som de her i Eksingdalen har løfta fram og fått opp på veggen i desse fine rammene. Og korleis de har sett i stand dette flotte huset. 

-Hjartet mitt er varmt i kveld. Av kvinnekraft. 

Dette skriv Sigrid Moldestad på si artistside etter kvelden i Ljosheim. Og ho lovar å komma att! 

71 billettar selde. Det er berre å gle seg til neste gong!