Ope møte om historisk fjellturprosjekt

Av Liv Anne fre 24.05.2024 - 16:03
Fyrste etappe frå Flatekval til Farestveit. Foto: Arne Høyland

Arne Høyland, frå Eikangervåg i Osterfjorden, har teke initiativ til oppstarten av  eit historisk fjellturprosjekt - det vil seia å rekonstruera Gulatingferdi frå Eksingedalen til Guløy/Flolid i Gulen i 2025. 

Dette kan ein høyra meir om på ope møte i Grendahuset Ljosheim i Eksingedalen, tysdag 4.juni klokka 19. 
Her ynskjer ein alle med interesse for prosjektet velkomne!

Grendahuset Ljosheim syter for sal av kaffi og kaffimat. 

Arne Høyland har gjeve prosjektet arbeidstittelen «Den historiske Gulatingsferdi frå Eksingedalen til Flolid/Guløy», og Gulatingsvisa som er teke vare på i Eksingedalen er bakgrunn for heile prosjektet. 

Ved hjelp av Gulatingsvisa og lokalkjende folk, har no Arne Høyland funne fram til omlag kor dei kan ha gått på denne turen. 

Det er lenge sidan desse Gulatingferdene fann stad, ca.  i perioden 850 -1150 e.Kr. Arne Høyland har laga ein blogg om prosjektet, slik at folk og organisasjonar som er interesserte i dette, kan få vita litt meir om dette. 
https://vestnorskkulturarv.blogspot.com/2023/11/gulatingferdi-fra-eksingedal-til-guly.html

Arne Høyland, initiativtakar til prosjektet. Foto: Privat

Arne er på jakt etter meir kunnskap. Difor er han initiativtakar til eit ope møte for informasjon, opplysning og med mål om ein plan for vidare arbeid. 

-Eg vil gjerne samla alle som er interesserte, veit noko, folk som kjenner til soger – og folk som vil gå tur, seier Arne Høyland. Og for meg er det viktig at dette skjer i Eksingedalen, på Flatekval, der visa fortel at Gulatingsferdi starta.  

I fylgje Gulatingvisa brukte dei tre dagar på turen frå Eksingedalen til Flolid, men det vil verta altfor lange etappar for vanlege tur- og historieinteresserte. Difor må ein truleg dela opp turen i fem eller seks etappar og eventuelt arrangera etappane kvar for seg fordelt på fem-seks helger, seier Arne.

-Men, det kan også arrangerast ein tur over tre dagar for dei sprekaste, der ein går Gulatingferda på tre dagar, tre etappar,  slik det opphaveleg vart gjort. Kanskje kan det verta eit nytt stort løp i Nordhordland, Gulatingløpet i Vestland? Det er spennande tankar!

På møtet i Ljosheim har Arne invitert med seg m.a. Jan Kidøy og Liv Karin Flolid Lien, som begge er oppvaksne på Flolid. Begge har særleg interesse for historier knytt til Gulatinget og Gulatingsstaden, og vil fortelja om dette. I tillegg vil Arne visa ruta for turen på kart, slik alle skal få kjennskap til kvar dei truleg ferdast for meir enn 1000 år sidan.

-Saman håpar eg me kan få dette til, seier Arne Høyland. 

For Arne er det viktig å både dokumentera og ta vare på historia om Gulatingsferda, og også tradisjonar og bruk av fjellet. Han har ei levande interesse og engasjement – og håpar å inspirera andre til å vera med a ta vare på viktig kunnskap. 

Siste etappe. Foto: Arne Høyland