Dette året vart det delt ut to kulturprisar i Vaksdal kommune. Ordførar Hege Eide Vik trekte fram det store engasjementet begge vinnarane gjer for lokalsamfunnet. Kulturprisane gjekk til Husastyret for Grendahuset Ljosheim og Dugnadsgjengen bak Fryd på Dale. Utdelinga fann stad på under opninga av Daledagane i dag.
Om grunngjevinga står det på Vaksdal kommune sine sider:
- Sidan 2019 har dette engasjerte styret gjort ein formidabel innsats for å bevare og restaurere. Huset er ein viktig samlingsstad for ulike kulturarrangement, og er ein skatt i seg sjølv. I 2022 hadde huset 125 års jubileum og er eitt av dei aller eldste i sitt slag. Dei frivillige arbeida deira har berika Eksingedalen og heile Vaksdal kommune. Styret består av Anna Bergo, Aud Marit Bergo, Evelyn Gullbrå, Britt Ingeborg Eide og Sigrid Tyssen.
Leiar for husastyret, Anna Bergo, seier at dette er stor inspirasjon til å halda på vidare.
- Heile bygda står bak oss, og med kulturpris er jobben endå meir motiverande for oss alle.
Ein akvarell måla av Charles Lunde kjem no til å pryda Grendahuset, i tillegg fekk Husastyret 10 000 kroner.