Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset. Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam, ho er lilla! Ingen vil vite av henne, ikkje ein gong mor hennar.
Det er vondt å verte støytt ut av sine eigne, men dagen då den farlege Kvasskjeften kjem, viser Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp, sjølv om den er litt annleis enn dei andre.
Teateret er ei figurteaterframsyning basert på Sissel Horndal si bok med same tittel. Skodespelarane er Adele Lærum Dus og Monika Solheim.
Stad: Ljosheim 31.august klokka 13.
Høver for barn frå 3 år og oppover i alle aldrar! Framsyninga varer i om lag 45 minutt.
Billettar kan kjøpast i døra og kostar kr 80,- for enkeltbillett, og 200,- for familiebillett. Etterpå er det høve til å kjøpa lappar, saft og kaffi.
Arrangementet er arrangert av Grendahuset Ljosheim og Eksingedalen Kvinne- og familielag.
Teateret er eit av arrangementa under Kulturminnedagane/ Kulturarvfestivalen i indre Vestland.