KRANSELAG!

Av Liv Anne ons 28.08.2024 - 11:58
Butikken og heimen reiser seg!

- Dette har gått fort! På to og ei halv veke har bygget reist seg opp på butikktomta! No vert det kranselag, seier butikksjefen Hege! Mandag 2.september, frå 15.30 og utover,  inviterer Hege heile bygda og alle andre det måtte passa for til kranselag! 

- Det vert servert kaffi og kaker - og me feirar at vårt sosiale knutepunkt reiser seg opp att! Vermeldingane er fine! Det var så kjekt å samlast her i mai, at dette vil eg igjen, seier Hege. Sist var det Kawin sin ide, å eta gode kaker og sjå på arbeidarane. No feirar me på nytt! 

Glade folk samla til kaffi og gode kaker sist i mai.