Ljosheim anno 1897

Av Liv Anne tor 12.09.2024 - 20:10
Frode Skag Storheim Foto: Privat

I  ord, tonar og bilete vil pianist og kulturformidlar Frode Skag Storheim ta publikum med på ei spennande tidsreise til nasjonalromantikken si blømingstid. Forestillinga har kunstnaren sjølv sett saman. Frode Skag Storheim kjem frå Radøy, og er no m.a. musikklærar ved Voss Gymnas. Han har jobba som pianist/repetitør ved m.a Bergen nasjonale Opera, Den Nasjonale Scene, Bergen Filharmoniske Orkester og Sjøforsvarets Musikkorps. I sommar var han oppvarmar til Peer Gynt- spelet på Gålå, og han har fordjupa seg i Olav Nygard sine dikt og liv i Modalen.

Grendahuset Ljosheim ynskjer velkommen til ei kunstmusikalsk reise, i eit av dei eldste grendahusa i landet. 
Dette skjer: Fredag 13.september klokka 19.30. Billettar vert seldt i døra.

- Nytt høvet til å få med deg denne opplevinga, samstundes som du kan sjå på utstillinga av treskjeraren Andreas Høvik sine reidskap og arbeid, seier Anna Sveinungsdotter Bergo i Husastyret.