Turar, bakst, handverk og kultur!

Av Liv Anne fre 13.09.2024 - 07:26

Kulturarvfestivalen i indre Vestland har inspirert Eksingedalen til ei rekkje arrangement dei første dagane i september i år. Det heile starta med barneteateret Himmelspringaren i Ljosheim. Deretter har det vore tur både med idrettslaget og Vaksdal Turlag, kulturkveld i Ljosheim med opning av digitalt museum, bakstedag på tvers av generasjonar – og handverksdag på oppveksttunet. 

Kommande fredag er siste arrangementet i Eksingedalen: Ljosheim anno 1897 – ei kunstmusikalsk reise med pianist og kulturformidlar Frode Skag Storheim. Noko som absolutt er verdt å få med seg! Her kan ein òg sjå utstilling av noko av treskjeraren Andreas Høvik sine verktøy og arbeid. 

 

Himmelspringaren

Barneteateret Himmelspringaren høvde like godt for både barn og vaksne. Det handla om lammet «Lilla» som kom til verda i Gullullafjøset, heilt lilla var ho, og ikkje som vanlege søte kvite lam. Lilla hadde mot som få, og overvann Kvasskjeften og hausta etter kvart stor ære hjå alle dei andre sauane også. Ei levande og nær forteljing, svært godt formidla av Adele Dus Lærum og Monika Solheim.

Var Lilla levande på ekte? Det kan godt hende! Etter førestillinga fekk publikum helsa litt ekstra på Lilla. 

Skodespelarar og sauar trollbatt publikum

Tur til Gryteberget ved Sylvbergatjørni

Onsdagsturen til Eksingedalen IL gjekk til Gryteberget ved Sylvbergatjørni, opp frå Vinningsleitet. I det særmerkte Gryteberget er det merke etter uttak av gryter, og mange har rissa inn bokstavar og namn i det mjuke fjellet. Ein nydeleg haustkveld! 

Ferdavegen Flatekval - Farestveit, med servering og opning av utstilling i Ljosheim

Vaksdal Turlag inviterte til tur frå Flatekval til Farestveit, attende var det tur med Veteranbussen. I Ljosheim venta rømmegraut, spekemat, dessert, kaffi og lefse. Over 40 gjekk over fjellet denne nydeleg haustdagen. 
Ordførar Hege Eide Vik opna grendahuset si nye, digitale utstilling. Folk kosa seg med god mat, studerte bileta på veggen og testa QR-kodar. Dei gamle bileta har fått tekstar, og det er komme til nye bilete. Særleg har dei som smykka ut Ljosheim, dei som aldri før har vore i gals og ramme, fått både plass på veggen heider for utsmykkinga. Nett no er ei utstilling av treskjeraren Andreas Høvik å finna i Ljosheim. Han var ein av dei dyktigaste treskjerarane i landet i si tid, og no er noko av verktøy og arbeid han har laga samla i ei utstilling i grendahuset i Eksingedalen. 

Handverk for små og store!

Oppveksttunet i Eksingedalen har kulturarv som tema i haust, med fleire praktiske handverksdagar. Det er plantefarga garn, med fargar henta frå naturen i kring. I samarbeid med Kvinne- og familielaget og grendahuset har det vore bakedag i Ljosheim. Heile oppveksttunet bakte, og fire flinke og erfarne bakarar hjelpte til. Baksten vart servert på kulturkvelden eit par dagar etterpå.  Det er fint når ei overlevering av kunnskap og kompetanse, frå læremeistar til elev. 

Største arrangementet for oppveksttunet var «borna sin kulturminnedag», i samarbeid med Voss Kunst- og Kultur. Tre handverkarar kom til Eksingedalen; ein smed, ein treksjerar og ein ekspert på former, mønster og trykk. Elevane fekk saman med 5.klassingar frå Bulken og 5. og 6.klassingar frå Evanger prøva ekte handverk, med god rettleiing. Alle reiste heim att med eit sjølvsmidd smykke, ein trehest og fine trykk. Og, kan hende ein ny ven også? 

Landets største historie- og kulturarvfestival med 300 arrangement landet over i løpet av september. Festivalen skal skapa fokus på den viktige kulturarven vår. Den er ein del av European Heritage Days, med kulturminnedagar over Heile Europa. I år samarbeider Voss kunst og kultur med Vaksdal kommune, Voss herad og Nærøyfjorden Verdsarvpark om arrangementa lokalt.