Fjelltrimmen i regi av Eksingedalen IL heldt fram. Bøkene vert no bytt. Ei bok vert henta inn for siste gong - medan to turmål er nye i samlinga av trimpoeng. Dette bestemte styret i idrettslaget sist veke. For året 2024 er år nummer 15 i samling av krus, og med det er alle turmåla komme på samlekrus.
Postane er omlag som før, med nokre justeringar i poeng. Det vert som før premiering av dei som har flest poeng i tre klassar og gåvekort vert trekt mellom alle. Og framover vert det eksklusiv T-skjorte til dei som greier alle 16 turmåla på ein sesong.
Bøkene vert bytt ut frå no av og i løpet av eit par veker. Ny bok gjeld frå ny bok er komme ut. Når det gjeld Blånipa (Nesheimsnipa), så er det bestilt ny turpostkasse der. Det er ei bok i varden allereie, og namn som vert skrive inn i den boka frå 20.oktober vert overført til Fjelltrimmen si boka når den kjem på plass i turpostkassa.
For dei som ynskjer registrera seg i 2024 boka, er det høve til det ut oktober, ved å melda dette til Liv Anne. For å vera med i konkurransen om premie må ein ha besøkt minst 8 postar.
Trimpostane er:
Vetlejordstølen - 2 poeng
Nesstølen - 3 poeng
Flatekvalstølen - 2 poeng
Lavikstølen - 1 poeng
Haugastølen - 2 poeng
Yksendalstølen - 2 poeng
Blånipa / Nesheimsnipa - 4 poeng
Mjelkeplassen - 1 poeng
Kultatoppen - 1 poeng
Nonhaugen - 3 poeng
Nesheimstølen - 3 poeng
Brakestadstølen - 2 poeng
Trefallstølen - 2 poeng
Eksestølen - 3 poeng
Gullbråholmen - 3 poeng
Kvitanosi - 6 poeng