«Odelsskam» og Maria med hjarta for Eksingedalen

Av Liv Anne søn 03.11.2024 - 13:00
Odelsskam - og det vanskelege valet.

Maria Lavik si bok «Odelsskam» er ei bok om Maria. Om kvar ho kjem i frå, om tankar og om kor i livet ho er no. Boka har mange dimensjonar og skildrar sterke møte med viktige menneske i Maria sitt liv, vevd saman med historia til garden, odelslova, stader og språk – og ikkje minst rommar den mange av Maria sine refleksjonar og blikk attende. 

Fredag 22.november kjem Maria Lavik til Ljosheim, for bokmøte.

- Dette er den offisielle lanseringa. Det er heime i Eksingedalen, og det er spesielt for meg. Eg har snakka om boka mange gonger, men dette vert annleis. For meg vert det veldig personleg, for det er nettopp her det er, det som boka handlar om. Det er skummelt, men eg gler meg, seier Maria Lavik. Boka handlar om familiegarden på Lavik, der Maria er odelsjente, om garden som har vore i familien i femten generasjonar - og om Maria skal ta over eller ikkje.

For folk som bur i Eksingedalen er det ei nær og sterk historie Maria skriv om, fordi ein kjenner både Maria og Lavik. Boka rommar mange ulike tema, alt enkelt forklart og formidla på ein svært god måte. Men gjennom å lesa alle gode omtalar boka får, så forstår ein at boka råkar alle som les den like sterkt: 

«Mykje meir enn berre ei helsing heim»
Harald Stanghelle i Vaksdal Posten 18.09.24

«Boka vil kunna engasjera, utfordra og informera mange»
Gunnstein Akselberg i Avisa Hordaland 11.10.24

«Skamgodt om odel»
Knut Hoem, litteraturkritikar i NRK

 

Korleis har hausten vore, Maria?

-Det har vore ein intens haust, med mykje som har skjedd. Eg var veldig nervøs før boka kom ut, for meg er det eit personleg tema. Tenk om den ikkje vart lese, og eg hadde då skusla vekk familiehistoria mi. Men, så har eg fått mykje merksemd, det er mange som har lese boka. Eg har blitt intervjua av andre journalistar som også har flytta til byen, som har delt mange tankar om bygd og by. Eg har fått fine meldingar på SMS og Messenger frå lesarar, som har si historie. Eg har kjent på at eg er del av eit fellesskap av folk som har lojalitet begge stader, gjerne med eit byblikk på bygda. Folk kjenner seg att. Eg er glad for alle meldingar, omtalar og samtalane. For meg var dette ein risiko å ta, for det er så personleg med meg og familien min. 

-Eg trur, og håpar at det har gått bra! Det har vore verdt det. I boka har eg fokusert mest på mi eiga historie og fortida litt bak i slekta. Eg fortel om sterke folk, og valde å ta eigarskapet gjennom min generasjon. 

Maria og Besto, Brita Lavik, på 17.-maifeiring i Eksingedalen. Besto og Besten har vore trygge og kloke menneske i Maria sitt liv.

-Boka førte til det endelege valet. Å skriva bok var eit siste forsøk, skal / skal ikkje. Eg har reist heim til Eksingedalen mange gonger medan eg har jobba med boka. Det har vore fint. No har eg dokumentert arven min, i frykt for at den skulle forsvinna ut med meg. Dette er vår og min gard si historie, som nokon andre kan få med seg vidare. Det er for meg eit sterkt ynskje om at det skal bu folk i bygdene i framtida. 

-Eg ser på odel som å forvalta ein arv, å gje noko vidare. Det kan vera eit val. Å sitja på gjerdet å ikkje gjera noko er ikkje alltid eit godt val. Mine forfedre kjempa mot sentralisering, og for meg vil det vera feil å sitja i ein by og eiga ein gard. For meg er det viktigast at det bur nokon på Lavik i framtida. Eg vil gje slepp på noko for å gje andre plass. Å forvalta er òg å gje slepp.

Har du no bestemt deg utan å skamma deg noko meir?

-Å skriva bok har gjort det lettare. Eg er veldig glad i Eksingedalen. Eksingedalen er ein plass eg ofte drøymer om. Eg tenkjer meir og meir på at Eksingedalen er ein fin plass å komma til for meg som gjest, utan at eg skal tenkja på om eg skal driva ein gard. Det er fint å vera ein plass der alle kjenner alle. I Eksingedalen bur det mange sjølvstendige og hardtarbeidande menneske. Det er stor takhøgde, og eg opplever at folk til alle tider har vore engasjerte og bryr seg om kva som skjer i samfunnet rundt. Eg har hatt mange gode samtalar og diskusjonar med folk på butikken på Lavik, hugsar godt i Bengt si tid der også. Eksingedalen rommar mange type menneske, eit mangfald av menneske.  Og eg har alltid tenkt at det er ein god plass å bu, sjølv om eg lever livet i byen. Eg veit no at det er rett for meg å bu i byen. 

Maria, med Eksingedalen IL på ryggen.

Maria er stolt medlem i Eksingedalen idrettslag. I Oslo går ho tur med Eksingedalen IL si klubbdrakt. 

-Dei som eg møter på i Oslo-marka som veit kvar Eksingedalen er, blir veldig begeistra, fortel Maria. 

-Eg har eit stort hjarta for Eksingedalen! Det er difor eg har skrive boka. Eg håpar det kan opna augo til dei som sit på passive eigedommar rundt om i fleire bygder også. Kanskje kan ein leiga ut eller selja? Eller byggja seg ei hytte i staden? Eg håpar me kan ha bygder med folk i, i framtida også! 

Maria har mykje på hjarta. Dette vil ho snakka meir opp på bokmøtet 22.november. På bokmøtet fortel Maria om boka si, saman med samtaleleiar Elizabeth Gjessing.  Maria har sjølvsagt med seg bøker for sal.