Maria og boka kom heim!

Av Liv Anne søn 24.11.2024 - 21:38
Maria Lavik og Elizabeth Gjessing i god bokprat i Ljosheim

Fredag kom Maria heim. Heim til Lavik for å prata om boka si, og for å laga korv. Og kva kunne vel høvd betre enn å snakka om boka si heime, der heile boka kjem i frå. Ljosheim var den perfekte staden. Der har Maria leika og herja i barnehagen, der sit historia i veggane – og tipp-tipp-oldefar Andres Lavik heng innramma høgt der oppe på veggen.

-For meg er det personleg å komma i Ljosheim. Her er gammalt og nytt blanda. Det er rotfeste og det er nye folk og nye tider, sa Maria.

Bokpraten vart leia av Elizabeth Gjessing, busett på Vaksdal. For Elizabeth er både skriving og historie fag, og ho leia Maria innom mange tema. Samtalen handla om det å skriva, om historia og opplevingar, og sjølvsagt om odelsrett, kjensler og identitet. Kring 1880 tok tipp-tipp-oldefar Andres «ein for laget» og førte garden vidare medan dei fire brørne levde livet som bondestudentar i Oslo og skapte ulike retningar for livet sitt. Maria fortel at dei «Fem brørne Lavik» alltid har vore høgt akta i familien på Lavik. At dei hadde ein syster, Maria Lavik, var lenge ukjent for henne. Seinare i livet vart det godt å tenkja på denne namnesøstera som var journalist og feminist, engasjert i arbeidarrørsla - og mellom anna heldt tale 1.mai. 

På slutten av 1800-talet var det også ein symbiose mellom dei som reiste ut og dei som vart att. Heime var garden eit anker å komma heim til. Og slik har det vore generasjonane etter. Heilt til no, til Maria for alvor byrja tenkja på kva ho ville gjera med odelsretten sin.

-For meg har det handla om identiteten min: Nynorsken, språket, å bu på bygda og stå for ein motkultur. Identiteten min er knytt til barndomsheimen og livet i Eksingedalen. Gjennom eit arbeidsfellesskap, som det er å veksa opp på ein gard er, så er eg blitt kjent med familien min. Ved å jobba saman vert ein kjent med sjela til folk, og eg ber på mange gode minne fordi eg er oppvaksen i fellesskapet. Dette er det vanskeleg å gje slepp på. Minne og opplevingar som sauesanking, å laga korv, stabla ved med Besten eller baka flatbrød med Besto.

Odelsretten er særnorsk, der arv av gard er eit privilegium. Mange andre land har for lengst avskaffa odelsretten. For Maria har det vore ein skam knytt til det å ikkje nytta denne retten, og å skulle selja garden ut av familien. Gjennom boka har ho skrive seg ut av dette.

-Det verste som kan skje er ei utarming av bygda. At det skal stå mange tomme hus utan folk, og fleire og fleire fritidsbustader. Alle dei gode minna er knytt til det som var, til å veksa opp på ein gard. 

-Dei gode minna er det vanskeleg å gje slepp på. Men, det er unge som vil driva gard. Og då er det synd om bygda vert til gravplass for alle gode folk som ikkje er der lengre. Fortida var fin og den var bra, difor må ein gje slepp, og forsona seg med at fortida ikkje er der. 

Maria snakka mykje om kor viktig det er for henne med levande bygder, der ho no gler seg spesielt over butikken som snart står klar att på Lavik. Ho er redd for stille bygder, bygder som berre vert fritidsbygder. Levande bygder står for variasjon og alternative samfunn, som motkultur og motkraft til alt det sentrale.

-Her i Eksingedalen opplevde eg ein slags fridom, fordi her var så mange ulike typar menneske. Om bygda forsvinn, er det tap for mangfaldet. Dessutan, heldt ho fram, er det viktig med jordbruk over heile landet med omsyn til beredskapen.

Med Elizabeth si trygge rolle som samtaleleiar vart det mange gode refleksjonar og gode ord om odel, arv, skam og identitet. Dei nær femti tilhøyrarane i salen hadde ei svært god stund i Ljosheim denne fredagskvelden. Og alle kosa seg med kaffi og kaker, sider frå Hardanger i glaset var det også høve til. 

-Å skriva er nok din odel, Maria, det er du skikkeleg god på! Slik avslutta Elizabeth Gjessing samtalen.

 

Maria og Elizabeth, etter vel gjennomført bokprat!