Bonde med stort engasjement, Nils Martin Seim
Eksingedalen Vaksdal Bondelag, Modalen Bondelag og Voss Bonde- og Småbrukarlag inviterer til føredrag: "Ærlege tal 2.0"
Føredragshaldar er Nils Martin Seim, leiar i Voss Bonde- og Småbrukarlag.
Tid: Torsdag 5.desember, klokka 20.30 i Ljosheim
Faglaga inviterer til eit spennande føredrag der ein går i djupna på Talgrunnlaget for jordbruket.
Kva er det, og kva konsekvensar har det for landbruket?
Presentasjonen er utforma slik at alle skal kunne følgje med, uansett bakgrunn.
Det vert høve til å stille spørsmål etter foredraget.
-Arrangementet er ope for alle, så ta gjerne med ein ven eller to, seier innbydarane. Det vert kaffi og kake, så kom kunnskapssvolten og matlysten!