Det var feststeming på oppvekstunet i Eksingedalen tysdag denne veka. For borna, elevne og dei tilsette var dette ein fest og ei feiring av alt det kjekke som er jobba med dette halvåret - og ei feiring av all kunnskap som borna og elevane har fått med seg i temaarbeid i haust. Og når mange gjester kjem til middag, så vert det verkeleg ein fest!
Denne ettermiddagen var det sal av produksjonen frå i haust, alt knytt til skulehagen og naturen kring oppveksttunet, med tema "kulturarv" og skulehage. Honning frå skulen sine eigne bier, støypte biviokslys og bivoksark, rulla bivokslys, ringblomstsalve, syltetøy og saft - og plantefarga garn i nydelege fargar.
- Det beste av alt var folk kjøpte av oss, og at me selde ut nesten alt, sa dei to blide jentene i 5.klasse onsdag morgon.
Eksingedølar og tilreisande gjester handla og kosa seg, og gav seg god tid dei to timane dette varte.
I tillegg til marknad serverte gjengen i 5.-10.klasse middag. Sekstifire porsjonar gjekk rykande varme ut frå kjøkkenet på skulen. Der hadde dei kokkelert og styra ein heil dag.
Oppveksttunet er takksame for alle som kjem og støttar opp om barnehagen og skulen i Eksingedalen! Det er gull verdt, og viktig når ein er liten i ei lita bygd.