Heile Vaksdal bålar på den nasjonale turdagen

Av Liv Anne man 13.01.2025 - 09:46
Det vert bål i Almane, kl 12 -14 laurdag 18.mars.

Laurdag 18.januar er det nasjonal start på Friluftslivets år. Det er Kom deg ut-dag og "Heile Norge bålar"!  Det skjer 12 - 14 i heile kommunen. 
Vaksdal Turlag er arrangør saman med lokale lag i heile kommunen, med mål om bål i alle bygder.  

I Eksingedalen er dette eit samarbeid med Eksingedalen IL, og det vert bål i Almane på Bergo. Dersom alle nedbørsmeldignar slår til denne veka, så er det fint å kunne samlast rundt bål i Gapahuken, eller utanfor. Turlaget stiller med gratis pølser til alle som kjem. Alle born får utdelt "litt ekstra"" denne dagen, og dei som vil kan få prøva seg på å tenna bål med tennstål. 

- Vi håpar mange vil vera med på å samlast rundt bålet og ha ein hyggeleg utedag saman, med morosame og gratis aktivitetar for store og små, seier Elizabeth Gjessing, leiar i Vaksdal Turlag. 

Ho understrekar at det skal vera enkelt å vera med. Denne dagen handlar om å skapa gode opplevingar med naturen som utgangspunkt for alle som har lyst til å vera med.