
I Eksingedalen var det bål og samling i Almane på Bergo
Det er fint å vera ein del av felleskapet "heile Norge bålar" om ein bur på så ulike stader i landet vårt. Omlag 35 var innom arrangementet i Almane, og pølsene gjekk unna! Opninga av Friluftslivets år er markert, med Kom deg ut-dagen i Almane Som i bygdene elles i Vaksdal var arrangementet eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag og dei lokale idrettslaga, her stilte som vanleg heile styret i Eksingedalen IL villig opp. Då er det kjekt med godt oppmøte! Og det var det.

Små og store fekk prøva tennstål, fyrstikker var ikkje i bruk i Almane denne dagen.

Kaffi, pølser, popcorn og masmallows! Kan det bli betre?

