
Turgruppa har ansvar for Fjelltrimmen,og arrangerer onsdagsturar vår og haust. I Fjelltrimmen er det 15 bøker, og det er notert 2516 namn i bøkene i 2024, mot 2285 i 2023. 80 av medlemmane i Eksingedalen IL har registrert seg, i tillegg mange andre namn.
Mest besøkt i år er Kultatoppen med 491 noteringar. Deretter kjem Yksendalstølen med 323 noteringar og Flatekvalstølen med 315.
27 har teke kruset dette året, krus med Fetstølen som motiv.
Nokon har ein favoritt-turar, kan bøkene fortelja:
Olav Gullbrå: 22 gonger på Kvitanosi og 42 turar til Gullbråholmen
Nils Nesheim: 121 gonger på Kultatoppen
Jon Trefall: 114 gonger på Flatekvalstølen
Mari O Trefall: 54 gonger på Flatekvalstølen
Johannes Bergo: 48 gonger på Kultatoppen
Desse får premie:
Vaksen klasse (frå det året ein fyller 17 år):
Olav Gullbrå, 328 poeng og kr 1 000
Jon Trefall, 296 poeng og kr 500
6 – 12 år:
Heidi Nesheim, 51 poeng og kr 500 i premie
Signe Nesheim, 43 poeng og kr 300 i premie
Kasper Nesheim, 43 poeng og kr 300 i premie
På grunn av låge poengsummar vert det ikkje delt ut premie i klassen 13 - 16 år
”Småtroll-diplom”: Selmer Nesheim, Alma og Mikkel Bergo
Tre tilfeldige trimmarar ved digital uttrekking får 300 kroner kvar: Elisabeth Holth, Alma Bergo og Signe Nesheim

Siste krus 2024 – Fjelltrimmen heldt fram i 2025
2024- sesongen var det 15. året med dei 15 turmåla, og utdeling av siste utgåve av stølskrusa.
8 trimmarar har alle 15 krusa, og med det krus med motiv frå kvar turpost.
Dei 8 er:
Haldis Øvstedal
Hanna Gullbrå
Frøydis Gullbrå
Karin Nordheim
Helene G. Eriksen
May Britt Eriksen
Sveinung T. Bergo
Liv Anne Bergo
Fjelltrimmen heldt fram, med omlag dei same postane. Bøkene er på plass, og sesongen varer frå bokbyte i oktober 2024 og ut oktober 2025. Fetstølen er teke ut som trimpost, nye postar er Mjelkeplassen og Nesheimsnipa/Blånipa. Den siste posten får trimpostnamnet Nipa i Fjelltrimmen. Her er det ikkje ny bok, i påvente av solid postkasse. Det er ei bok gøymt i varden, og namn som er registrerte der f.o.m 20.oktober -24 vert overført i ny trimpoengbok.