Gullvandrar Nils!

Av Liv Anne tir 04.02.2025 - 17:40
Gullvandrar Nils, på Kultatoppen i juni.

Nils tok kruset i Fjelltrimmen dei 10 første åra, til han passerte 80 år. Og om han slutta med å ta krus, så har han halde fram med å gå. Dei siste åra har han gått og gått, også meir enn han har skrive seg opp i bøkene. Han er ofte å sjå på el-sykkelen, der han trør seg fram mellom stiar som fører til stølar eller trimpostar.

Dette året vart Nils nummer 4 i Vaksdal Turlag sin trimpoeng-konkurranse. Han har besøkt halvparten av postane i idrettslaget sin Fjelltrim, og kom der på 3.plass med 188 poeng. Han har skrive seg opp flest gonger av alle på Mjelkeplassen – og har vore 121 gonger på Kultatoppen sesongen 2024. Til Kultatoppen har han sin eigen sti, Nilsastien. 

Nils er den aller første som nokon sinne får denne heiderstittelen, og prisen er delt ut av turgruppa og styret i Eksingedalen IL! 

Gullvandrar Nils er absolutt eit førebilete og ein inspirator.

 

Nils i god prat med Sigrid, Reidun og Asle

På turgruppa sin tur til Gryteberget, var han kjentmann og forteljar saman med bror Asle.