
- Hei!
- Er du klar?
- Opning fredag kl 1600!
- Tar med tannkosten og søv heime i natt!
Fire tekstmeldingar på rappen i ettermiddag, frå Hege. For no er det klart, om ei veke opnar den nye butikken. Alle hugsar kvelden 22.mars 2023, kvelden då det brann. Dei snart to åra har vore både krevjande og arbeidsomme. Hege sa med ein gong at butikken skulle komma opp att, ho såg framover og sette i gong. Eksingedølane har handla mat på Mo, Stamnes, Evanger, Voss eller Dale - håpa på det beste, og heia på Hege.
- Det vert jammen fint å handla i dalen att, seier Annika og Anna, som i yr glede møtte opp på Lavik i kveld for å montera butikkhyller.
Hege og mange andre har vore spente denne veka. Midt i veka var alle rapportar og underskrifter klare, berre endeleg godkjenning frå kommuneadvokaten stod att. Hege hadde alle matbestillingane klare, skulle varene komma tysdag neste veke så måtte alt bestillast i dag, noko kl 14, noko seinare på dag.

Klokka 12.35 kom beskjeden. Vaksdal kommune var superraske!
- Eg skjønte det nesten ikkje. At alt skulle gå så fort på slutten. Det tok stund før det sank inn. Men, no kjenner eg at det er sant. Ungane søv godt oppe, som den aller første natta i natta. Me er heime att, og skal vera heime. Det er nesten ikkje til å tru!
I kveld skrur Hege og veninnene hyller. Til veka kjem butikk-kjeden Snarkjøp for å monterera system og kasse, og Hege skal få ny opplæring i alt. Varene kjem tysdag, og om ikkje alt er på plass til helga, så er det berre småting att, seier den sprudlande og glade butikkstyraren.
- Det er godt å få hjelp! Mange har meldt seg frivillig, og det er veldig kjekt. Eg er så glad for at mange vil hjelpa, at butikken betyr så mykje for dei, det betyr mykje for meg. Det er verkeleg godt å kjenna på at folk føler at dette er alle sitt prosjekt.
- Fredag 14.februar, klokka 16. Då skjer det! Eg håpar alle har tomme skåp med plass til mykje varer!

