
Etter program, helsingar og gode ord var det snorklypping. Då Hege opna for aller første gong var Elias bergo første kunden. Elias går no på byggfag på Voss vidaregåande, og har hatt praksis i snikkarfimaet Johs E Øvsthus, som har bygd butikken. Difor fekk han æra av å vera snorklyppar, og jammen vart han den første kunden denne gongen også.
- Det er ein stor dag for heile Eksingedalen, sa Elias. Ein stor dag for meg også, og så har eg hatt koseleg kaffipause saman med Heg kvar mandag i haust, la han til. Butikken er ein sosial plass for bygda, og no kan folk samla seg i kaffikroken att.
Oppveksttunet opna festen med Stavangerkameratene sin låt "Bare så du vett det", oppsummert ved eit utdrag frå teksten:
Hadde alle her i verden vært som deg
Hadde ting vært bra
Det e sånne sånn så deg
Denne kloden burde ha
Eg seie bare så du vett det
Eg har så sinnsykt sans for deg
Du e engel, du e god som gull
ja, bare så du vett det
Men kossen kan eg sei det?
For eg digge deg, eg digge jo deg
Mange gode ord og helsingar vart elles framført. Det var latter, glede, tårer og stor applaus. For pågangsmot og for å våga, til den tøffaste jenta i dalen. Butikken er så mykje meir enn "berre" butikk.
Etter snorklypp var det minikonsert innadørs, med Trine Duesund og Eirik Straume Normann. Så var det klart for handel. Ute var det gratis pølser, brus, kaffi og kaker. Folk gav seg god tid, og mørket seig på. Køen fram til den sjølvbetente kassen ville ingen ende ta.
Bygda sytte for festen, noko som viser kor viktig butikken er for bygda. Både fastbuande og hyttefolk engasjerte seg, for å laga til ein verkeleg festdag.
Den dagen me fekk butikk att på Lavik!
