Årsmelding 2024

Av Magnar ons 12.03.2025 - 14:03

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Årsmelding frå husastyret for året 2024 

Styret har vore sett saman slik i 2024: 

Leiar: Anna S Bergo 

Kasserar: Aud Marit Brønstad Bergo 

Styremedlem: Evelyn Gullbrå 

Styremedlem: Sigrid Tyssen 

Styremedlem: Britt Ingeborg Eide 

Vara 1: Hege Marie Lavik 

vara 2: Odd Inge Brønstad 

Valnemnd: Haldis Øvstedal (leiar), Jon Trefall 

Revisorar: Jomar Flatekval og Rune Nesheim. 

Det har vore eit innhaldsrikt år for Grendahuset Ljosheim både med 

husavøla og aktivitetar i huset. 

Styret har hatt 3 ordinære styremøte. I tillegg til periodevis dagleg kontakt 

på messenger, samt e-postkorrespondanse. 

Husavøla: 

I vår (april) sendte me ut ein open invitasjon om dugnad og at folk kunne 

melda interesse. Mange tok kontakt – og me har fått gjort svært mykje.   

Kledningsbyte 

Eit stort prosjekt har vore å få kledningen bytt. Ny isolasjon, kledning og 

lister har vorte bytt på heile huset. Det var nødvendig. Det merkast i huset 

at det er isolert då det er mykje raskare å varma opp salane no. Ei merkbar 

endring. Ein kan heller ikkje sjå ut i fri luft mellom vegg og tak i Storesalen, 

noko ein kunne ei stund. Med ynskje om å tilbakeføra til så nær originalen 

som mogeleg (jamfør funn av eldre kledningsbord) har me funne fram til ein 

kledning som er profilert og som høver seg godt til stilen og huset. Det er 

også komme ny utgangsdør/rømmingsveg frå scena då den gamle var roten. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Ny kross 

I samband med kledningsbyte var det også behov for å laga ny kross. Dette 

tok tømraren vår på seg. Me er svært nøgde med resultatet. Me har også fått 

laga kross på den andre sida av Storesalen, noko me fann ut frå gamle bilete 

at det tidlegare hadde vore. 

Maling av huset: 

Den nye kledningen er malt –to strøk. Raudt og fint og med kvite lister! 

Mange timar dugnad for Ljosheim er lagt ned. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Ryddedugnad: 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Grusing av plassen: 

Grusing av plassen vart til eit eventyr – som så 

mykje anna fordi Ljosheim har mange gode vener! 

Takk til han som skrapa og reinska grøfter og 

klargjorde til grusing. 

Me fekk nyss i at nokon var 

interesserte i å køyra all 

grusen til oss på dugnad, 

berre me bestilte grus. Me 

så gjorde, og grusen vart 

køyrd på plass frå Modalen 

til Ljosheim, og fordelt utover. Dette er me svært glade for. Det gjekk nokre 

dagar før me fekk telefon frå Svein Mo AS som hadde køyrt forbi og syns det 

var så flott at me heldt liv i huset og ordna så fint – og dei ville gjerne donera 

grusen til oss. Me er svært takksame. 

Kjøkkenet har fått nytt hardangerbestikk til 120 pers. 

Permanent historisk fysisk og digital utstilling 

I 2022 var Grendahuset Ljosheim 125 år. Eit hus med lang historie, og eit 

av dei eldste i landet av sitt slag. I arbeid med 125-årsjubileet dukka me ned 

i historia til huset, dalen, og strauminga i tida då ungdomsrørsla vakna i 

Eksingedalen. 

Det var mykje interessant å finna, og me visste me ville finna fleire måtar å 

visa historia på. På veggane i Ljosheim har det alltid hengt bilete, men kven 

var desse folka, og kvifor hang det bilete av akkurat desse på veggane? Dei 

som heng bilete av på veggane både før og no fortel historia til huset, men 

seier også mykje om korleis samfunnet var på den tid. Svært spennande, og 

noko me ynskjer å dela med alle som kan vera interessert, anten ein har 

røter her eller ikkje. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Den nyopna utstillinga er todelt: 

Me har laga digital utstilling som er open for alle til ei kvar tid: 

grendahusetljosheim.no. Under fana «museum» finn ein alle bileta som heng 

i Ljosheim med tilhøyrande historie. 

Utstillinga opna me under kulturminnedagane og den heng i Ljosheim. 

Gruppa som har hatt hovudansvaret for utstillinga er Ingvild Brønstad, Liv 

Anne Bergo, Britt Eide, Sigrid Tyssen og Anna S Bergo. 

Det har vore utarbeidd tekstar til alle bileta som heng i Ljosheim og det har 

vore mange timar arbeid lagt ned i å tenkja, planleggja, restaurera rammer, 

laga rammer i stil. 

I arbeidet med utstillingsveggen har me fått meir 

kunnskap om mykje, og kanskje særleg om ein 

person: Andreas Høvik. Plutseleg ein dag fekk me 

napp på at Andreas Høvik mogelegvis hadde ei 

dotter. Me fekk raskt kontakt med henne, og har i 

løpet av året vorte betre kjend med Eva May 

Gjerstad. Ho har fortalt oss mykje om Andreas 

Høvik mellom anna at han har vore engasjert i eit 

møbel som står på Gamlehaugen i Bergen. Eit stort 

sølvtøyskåp med 600 bestikkdelar i. Husastyret, 

Eva May og Eksingedalen oppveksttun reiste ein 

haustdag i oktober på privat visning på 

Gamlehaugen. Gamlehaugen inviterte oss. Det var ein fantastisk dag for oss 

alle som var der. Eva May Gjerstad 

har alt verktøyet til Høvik, og ho 

og familien lånte ut delar av 

samlinga til utstillinga vår under 

Kulturarvfestivalen i haust. Dette 

var utstilt i biljardbordet. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Ein dag fekk me ein gul post-it- lapp om at det var funne ei gamal fele i ein 

låve i Strandebarm. På fela stod det Eksingedalen og A. Høvik. Me skjøna 

fort kven som hadde laga denne, og no har me fått fela på veggen i Ljosheim. 

Utstillingsmonter i glas med lås er komme på plass til å kunna stilla ut noko 

av Andreas Høvik sine verktøy samt andre ting som høver seg å stilla ut. 

Restaurering av eine veggen i Storesalen. 

Me fekk løyving til restaurera den gamle innkledde veggen i Storesalen for å 

prøva å få bevara alle tømmerveggane i salen. Veggen vart rive, vaska og 

skura og resultatet vart bra. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Interiørgruppa har hatt mange timar dugnad i Ljosheim og knytt til 

utstillinga i år. 

El-anlegget vart ferdigstilt i 2024. 

Arrangement og hendingar: 

27.januar: Anders Norstad: «Det er maten vår for pokker.» Eit samarbeid 

mellom Husastyret, Vaksdal-Modalen Bondelag og Voss Bonde- og 

småbrukarlag. Skjenkeløyve, rømmegraut og spekemat. 50 frammøtte frå 

bygdesamfunna her er eit høgt tal, på ein laurdagskveld, med klink is på 

vegane. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

1.februar: 

TEMAKVELD 

på Tre Brør 

med Husfliden: 

«Norsk ull» 

Genserane til 

Ljosheim var 

på utstilling. 

15.mars: Fantefolk med Lurleik 

Ei førestilling om Per Sivle 

sitt liv, oppvekst og dikting. 

Jens Brekke las dikt, fortalde 

om Sivle og fortalde 

Vossastubbar, det heile vart 

krydra med musikk og song. 

Det er 10 dikt av Per Sivle 

som er hovudingrediensane i 

Lurleik. 

Husastyret serverte pizza og hadde skjenkeløyve. Fullt hus! Fekk besøk av 

skjenkekontrollen med merknaden: alt på stell. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

10.april: Kurs i HLR og bruk av hjartestartar. Eit samarbeid mellom 

Eksingedalen Kvinne- og familielag, idrettslaget, ØEG og husastyret, der 

husastyret stilte med lokale og kaffi + mat. 

28.april: Konsert med Sigrid Moldestad. Ei 

annonse på fjesboka om at Sigrid Moldestad 

leita etter koselege stader for å halde 

solokonsert var starten. Me sende henne eit 

friarbrev – og tenk at ho kom til oss! 70 selde 

billettar, eit fullstappa Grendahus. Ei 

fantastisk oppleving for dei som fekk med 

seg dette. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

10 

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

4.juni: Møte om Gulatingsvegen og informasjon og idèutveksling om Arne 

Høyland sitt prosjekt om å finna att den gamle Gulatingsvegen frå Flakoll til 

Gulen. Husastyret stilte med lokale og kaffimat. 

Kulrutvernfestivalen i indre Vestland: 

For første gong har me vore med på 

Kulturminnedagane i Vaksdal og i år var første 

gong at dette var eit interkommunalt 

samarbeid mellom fleire kommunar som fekk 

tittelen “Kulturvernfestivalen i indre vestland”. 

Det er fint for oss å vera med i ein slik festival - då me når ut til mange fleire gjennom 

marknadsføring. 3000 reklamefaldarar med 

program vart delt ut i distriktet og delingar av 

arrangement på Voss Kunst og kultur si 

fjesbokside, Vaksdal kommune si fjesbokside 

og våre eigne sosiale medium samt dekning i 

begge lokalavisene i forkant og i etterkant. Det 

er ikkje ofte Bergen strekk seg så langt ut i 

distriktet som her, men i Kulturvernfestival

dagane var også Ljosheim sitt program lagt inn 

på Visitbergen sine nettsider under “hva skjer 

i Bergen”. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

11 

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

31.august: Himmelspringaren. Barneteater av 

Adele Lærum Duus og Monika Solheim. Med stor 

scenerigg og scena i andre enden av salen, kom 

treutskjæringane til sin rett! Ei magisk og fin ramme 

kring eit nydeleg teater. Me 

steikte lappar, og serverte til 

teatergjestene! 

Eksingedalen Kvinne - 

og familielag dekka 

halvparten av kostnaden 

med teateret. 

5.september: Bakedag på tvers av generasjonar. Eit samarbeid mellom 

Husastyret, Eksingedalen Kvinne – og familielag og Eksingedalen 

oppveksttun. Ope hus og baking av flatbrød, Ingunn-lefser og Anny sine 

nordlandslefser. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

12 

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

7.september: Kulturvandring Flatekval – Farestveit – Veteranbuss – 

Ljosheim. Denne dagen var eit samarbeid mellom Grendahuset Ljosheim og 

Vaksdal turlag. Vaksdal turlag hadde ansvar for fjelltur frå Flatekval til 

Farestveit. Der venta veteranbussen som køyrde turdeltakarane attende til 

Ljosheim. Her var det duka for fest! Rømmegraut og spekemat. Ordførar og 

opning av utstillinga. Ei heilaftan med over 60 til middag! 

13. september: “Ljosheim anno 1897 – ei kunstmusikalsk reise” «I ord, 

tonar og bilete tek pianist og kulturformidlar Frode Skag Storheim publikum 

med på ei spennande tidsreise til nasjonalromantikkens blømingstid." Ein 

kveld for minnebøkene. 30 møtte.   

14. September: Grendahuset Ljosheim og husastyret har fått spørsmål 

om å stilla med strikkepakker og med plagg på catwalk. 

Husastyret på historisk strikkekafè på Voss, 

og vandrestrikk rundt i Vangen sentrum. 

Me viste fram strikkemønster og 

drivkraftboka. Kjekt å vera med og få vist 

gensarane våre til fleire. 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

13 

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

22.november: Odelsskam med Maria Lavik – boka kom heim! 

Husastyret inviterte til bokbad 

og samtale mellom Maria Lavik 

og samtalestyrar for kvelden 

Elizabeth Gjessing. Ei fin stund 

ein mørk, snøfull haustkveld i 

november. Mange fine 

refleksjonar, stødig levert både 

frå Maria og Elizabeth. 

Husastyret hadde skjenkeløyve 

og kakebord. Full sal med folk! -----------------------------------------------------------------------------------------

Genserpakker er til sals på Husfliden på Voss og i Fjellfellbutikken på Bergo. 

Drivkraftboka er til sals på Voss bokhandel og i Fjellfellbutikken. 

Tv-aksjonen 2024 var det Husastyret som hadde ansvaret for. 

Husastyret har ved nokre høver laga mat og servert på bestilling. Både 

middag, lunsj og kaffimat. 

Grendahuset Ljosheim har meldt seg i Vestlandske kulturnettverk. -------------------------------------------------------------------------------------------

Løyvingar: 

Voss Sparebank: Gåver til ålmennyttige formål: kr 20 000,- 

Vestland fylkeskommune –tilskot til prosjekt og tiltak frivillig kulturliv: 

25 000,- 

Kulturmidlar (Vaksdal kommune) til opning av utstilling: 5000,- 

Eksingedalen Grunneigarlag: 5000,- 

Eksingedalen Kvinne- og familielag (fast løyving): 3000,- 

Eksingedalen Kvinne-og familielag: 6000,- til barneteater. 

Momskompensasjon (des): 51 737,- 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.no                   

14 

Grendahuset Ljosheim- Det er her vi samlar oss! 

Kulturminneprisen i Vaksdal kommune: 

Ein merkedag for Husastyret for Grendahuset Ljosheim. 07.06.2024 på 

opninga av Daledagane fekk Husastyret tildelt Vaksdal kommune sin 

kulturpris for det arbeidet som har vorte lagt ned frå 2019 og fram til i dag. 

Det er stor stas å få tildelt denne prisen, det gjev motivasjon til å satsa 

vidare for huset som er eigd av alle med bustadadresse i Eksingedalen. 

Styret vil på det varmaste takka alle som har investert tid, kjærleik og 

omtanke til huset. Alle som har møtt og støtta opp om arrangement! Takk 

for rydding, måling, vekkøyring, vedarbeid, musefellevakting, vasking, 

kledningsarbeid, el-arbeid, sjauing. Takk for deling på sosiale media, og 

takk for at de heiar på Grendahuset Ljosheim! 

Årsmelding frå husastyret i Grendahuset Ljosheim  2024– grendahusetljosheim.n