
Arbeidet i Grendahuset Ljoheim er også dette året av eit imponerande omfang. Fleire millionar kroner er skaffa dei siste åra, og omvøla i huset er omfattande. Dette året har Ljosheim fått ny kledning, med profil etter modell frå før i tida, ut frå ei fjøl som vart funne under restaureringsarbeidet. Huset har fått nye, kvite krossar på utsida på mønet på begge sider av Storesalen, og heile huset har fått ny måling. Mange eksigedølar har vore i sving, og måling, vasking, rydding og grusing har vore gjort på dugnad. Store tre som skugga for utsikta er hogd ned, og Ljosheim er no sjølvforsynt med ved for lang tid. Også dette er gjennomført på dugnad.
Innadørs er det komme permanent historisk utstilling, både fysisk utstilling og digital. Bileta som hang på veggane i Ljosheim er restaurerte, nokre har fått nye rammer - og ikkje minst har to viktige kvinner fått plass på veggen: Anna Flatekval (ho "skul-Anna) og Katarina Saltnes har fått plass i Katrina Saltnes sine vakre utskorne rammer. Under Kulturminnedagane i september vart utstillinga opna, ei utstilling som til ei kvar tid er open på nettsida "www.grendahusetljosheim.no" I arbeidet med denne utstillinga dukka det opp nye opplysningar om treskjeraren Andreas Høvik, som førte fram til eit utstilling av noko av arbeida og verktøya hans.
Aktiviteten i huset viser at Ljoheim er eit levande ungdomshus. Her har vore politiske møte, samfunnsengasjement, fleire konsertar, barneteater, kurs i førstehjelp og møte om historiske prosjekt. Det har vore samarbeidsprosjekt med Kvinne- og familielaget, med mellom anna ein bakedag på tvers av generasjonar, og det har vore samarbeid med Vaksdal Turlag om arrangement knytt til tur over fjellet mellom Modalen og Eksingedalen.
I tillegg har huset vore vertskap for ei rekkje andre arrangement, knytt til lag, organisasjonar og enkeltpersonar.
