
Eksingedølane og alle dei andre tilreisande hadde ei vakker stund. Ein stor songskatt frå Eksingedalen og gamle Vassvøre Herad vart framført av profesjonelle musikarar og eit heilt kor av folkesongarar frå Vaksdal og Voss. Lurlokk og folkesongar om Gygra, Bergtrollet og budeier, bånsullar og voggesongar, salmar og Gulatingsstev, ein stor skatt av folketonar frå Eksingedalen og gamle Vassvøre.
Dyktige Berit Oppheim leia konserten, dirigerte koret og hadde eigne soloinnslag. Ho hadde to profesjonelle musikarar med seg, Sigurd Apeland og Per Jørgensen. Apeland fekk fram storlåtte tonar både frå kyrkjeorgelet og det gamle trøorgelet, medan Per Jørgenensen briljerte og improviserte på trompet og med stemma si!

Dei aller fleste songane på programmet var overlevert av eksingedølen Andres Lavik. Andres Lavik (1852-1941) var bonde på Lavik, stortingsmann, samfunnsengasjert og pådrivar for bygging av både kyrkja og grendahuset på Flatekval. Både han, mor hans Kari og kona hans Brita, stod for overleveringar av songar frå dalen. Songane hadde dei lært av "Stora-Marjo", Maria Lavik (1797 - 1868), farsystra til Andres som budde på Lavik.
-Og kva er vel betre enn å få framføra desse tonane i kyrkja på Flatekval, kyrkja som Andres Lavik var med på å byggja her i 1881, sa Berit Oppheim.
Eksingedølane er heldige som har Berit Oppheim og andre til å formidla denne songskatten, og ikkje minst: Få ei oppleving som dette. Konserten var variert, med korsong og solosong. Koret inneheldt mange gode røyster, og Berit Oppheim batt alt godt og vakkert saman, med tonar og ord.

Konserten avslutta med ekstranummer, allsong av Eksingedalen sin "ervesong" På Klårfjell. Korsongen runga, publikum song av full hals - medan kveldsola gjorde fjelltoppane gylne utanfor kyrkja.
Voss Spelemannslag var vertskap saman med Vaksdal kyrkjelege fellesråd. Ein framifrå konsert, i ei fullsett kyrkje på Flatekval.