
Laurdag, presis klokka 11, opna dørene inn til loppemarknaden i Ljosheim. Ei lita kø på ti personar stod klar til innrykk. Dei mest erfarne og handlelystne gjekk rett til verket, og fekk tak i godbitar med det same. Andre gjekk rett i kaffikroken.
Loppemarknad handlar om meir enn "lopper". Rikeleg med kaffi, gode kaker og triveleg prat er nesten like viktig.
Utover fredagen strøymde loppene inn. Bord vart sett opp, og alt sirleg stilt ut for sal. Her kunne ein finna både gamle høvlar, ny støvsugar, syklar, Figgjo-servise og nydeleg handarbeid med hardangersaum. Og, ikkje minst: Brødposesal av leiker. For dei minste var det mest ikkje til å tru: Så mange småbilar ein kunne ynskja seg!
Oppmøtet var godt, det kom og gjekk folk heile opningstida. Mange kom tilreisande, og til og med syklistar på tur gjennom Eksingedalen stakk innom.
- Me er glade for alle som leverte lopper - og glade for stor handel. Denne inntekta er viktig for Grendahuset, seier leiaren i Husastyret, Anna Bergo.
Loppemarknaden vert open onsdag denne veka også, mellom 11 og 14.