
Det var stor-dugnad sist veke for å få klar Tufteparken. 21 små og store lempa og grafsa fallsand utover, med iherdig arbeidslyst. Dei yngste prøvde ut ulike aktivitetar innimellom grafsearbeidet, før dei lempa på att! Å jamna ut 150 tonn fallsand til 40 cm djupn gjekk som ein draum, i solnedgangen.
No ventar alle på grusing av fotballbana, noko Vaksdal kommune har løyvd pengar til. Denne grusinga skjer ganske snart, seier kommunen. Etter det vert det ei offisiell opning av Tufteparken, men bruk den så mykje du vil i påska!
- Minnar også om at det er mykje kjekt utstyr å låna i lånebua, seier Anna som er leiar i idrettslaget.


