
Som vanleg har det vore ei innhaldsrik påske i Eksingedalen. Loppemarknad, bingo, Nilsalopp, skiturar, fotturar, rebusløyper og lokal påskemoro. For å nemna noko.
Folketalet har sannsynlegvis vore minst tredobla, og butikken på Lavik gjekk "nesten tom" for mat.
Eksingedølane er takksame for at så mange tilreisande støttar opp om aktivitetar i bygda; handlar lokalt på Nærbutikken vår, kjøper lopper og spelar bingo!
Tradisjonen tru skipa "Nesheim med vener" til Nilsaloppet skjærtorsdag. Vanlegvis er det 3 mil på ski rundt og rundt på på bakkane på Nesheim. Men, med total mangel av snø var arrangørane kreative: Det vart eit 4 km langt løp, frå kyrkja på Nesheim til øvste punktet på fjellvegen. Her var det eigne starttider for gåande, springande, dei som sykla og for dei som gjekk på rulleski og rulleskøyter. Alle kom omlag samstundes opp, og det vart til ei forsamling på kring 30 deltakarar.




Same kveld var det bingo!
Med rekord-oppmøte og gode inntekter til Eksingedalen IL.
Oppveksttunet var fylt til randen, alle stolar og benkar var i bruk. Gevinstane var fine og vinnarane var glade. Bingofolket kosa seg, eit sosialt høgdepunkt for mange.


Ein anna tradisjon for mange er tur til Kvitanosi langfredag. Skia må i år berast eit stykke, men i fjellet er det fint skiføre. "Yr.no" lova sol, men denne dagen var lovnaden for raus. Det var ein variert vermessig tur for dei rundt 30 som gjekk til topps, med snøbyger, skodde og lite sikt. Men, det var vindstille, gode skispor og kjenntes trygt og godt.
Dei heldigaste fekk ein god halvtime med sol og utsikt på toppen!




Takk for fine påskedagar i Eksingedalen!