To ledige jobbar ved oppveksttunet!

Av Liv Anne man 28.04.2025 - 20:11
Kjekk arbeidsplass i Eksingedalen!

Det er to ledige jobbar knytt til oppveksttunet i Eksingedalen:
40 % barne- og ungdomsarbeidar 
30 % reinhaldar 

Ta gjerne kontakt med rektor Liv Anne (976 53 458)  om du ynskjer informasjon om jobbane! 

Barne- og ungdomsarbeidar:

Vi har ledig 40 % årsvikariat for barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar ved Eksingedalen oppveksttun, avdeling barnehage!

Som barne- og ungdomsarbeidar på oppveksttunet vil du ha ei viktig rolle i barn sin kvardag. Hovudoppgåvene dine vil vere å bidra til eit trygt, utviklande og stimulerande miljø for barna. Du vil vere ein del av eit team som saman arbeider for å gi barna gode opplevingar og støtte i utviklinga. 

https://www.finn.no/job/positions/ad.html?finnkode=404436827

 

Reinhaldar:

Vaksdal kommune søkjer ein pliktoppfyllande og påliteleg reinhaldar i 30% fast stilling for reinhald av kommunale bygg. Denne stillinga er for tida knytt til Eksingedalen oppveksttun, der du vil ha ansvar for å sikre reint og triveleg miljø for elevar, tilsette og besøkande

Arbeidstida er normalt:
Måndag, onsdag og fredag kl. 06.00 – 10.00, men det kan leggast til rette for anna arbeidstid om naudsynt. Stillinga fyljer vanleg arbeidsår. 

https://www.finn.no/job/positions/ad.html?finnkode=397201166