Årets butikk! I Eksingedalen!

Av Liv Anne tir 13.05.2025 - 21:48


Måndag denne veka fekk butikkeigar Hege Marie Lavik den gjeve utmerkinga: Butikken på Lavik i Eksingedalen vart Årets Merkur-butikk i region Hordaland 2025. 
 

Prisen vart delt ut av Merkur-programmet på  Merkur-programmet sin regionale konferanse måndag kveld. Prisen går til butikkar som er gode døme for andre og viser korleis lokalbutikken kan vera ein viktig møteplass og motor i bygda. 

Eksingedalen Snarkjøp er Årets Merkur-butikk i Hordaland. F.v. Steinar Fredheim, Hege Marie Lavik frå Eksingedalen Snarkjøp og Merkur-konsulent Per Spillum. (Foto: Distriktssenteret/Gunta Venge)

-Klart at det er stas å bli sett pris på! For meg var det veldig uventa! Det er Merkur som har redda meg gjennom dette, Merkur sitt utviklingsprogram har stor betydning for små samfunn. Det betyr så mykje  og berører mange folk. Det er eg veldig takksam for!  

-For mange år sidan var eg alltid med på desse møta, men har aldri tenkt at eg kunne bli ein prisvinnar. Eg med min vesle butikk. Mykje er tilfeldig. Og mykje er takka vera Merkur, at eg fekk vera med i pilotprosjektet med fjernbetent butikkstyring. Det gav meg nye moglegheiter og alt gjekk plutseleg rundt. Eg fekk døgnopen butikk og fleksibel arbeidsdag. Omsetninga auka 30 % med auka opningstid. Eg er framleis ein liten butikk, men med desse tiltaka så går det bra.

-Så, ja, det er fint å få utmerking frå dei som er så viktige støttespelarar for meg. Å kjenna på at eg har fått det til. 

 

Grunngjeving for prisen: I grunngjevinga for prisen seier Merkur-programmet dette:

Berekraft og framtidsretta løysingar

Eksingedalen Snarkjøp har over tid vist veg med innovative og berekraftige tiltak. Solceller på taket var med på å syte for miljøvenleg drift. Som del av eit Merkur-pilotprosjekt blei butikken også den første i regionen til å ta i bruk digital fjernbetening – ei løysing som har inspirert mange andre kjøpmenn.

Hege Marie Lavik såg ei moglegheit til å oppfylle draumen om å bli kjøpmann og bidra til utviklinga av heimebygda si då førre drivar gav seg for kring ti år sidan. Ho tok over lokala, som då hadde stort behov for oppussing, og sette i gong eit omfattande arbeid for å modernisere butikken. Med hjelp frå familien og kjedekontoret opna butikken på nytt i 2017, og sidan har ho vore ein viktig del av bygda. Etter brannen i 2023 var ho ikkje i tvil om at butikken skulle byggast opp att.

– Eksingedalen Snarkjøp har blitt eit symbol på lokal verdiskaping, miljøbevisstheit og stå-på-vilje, fortel Merkur-konsulent Per Spillum.

Hege saman med sin gode mentor Gunta Venge, tidlegare drivar av Snarkjøp-butikk på Hellesøy, no jobbar Gunta både i Merkur og Snarkjøp. Foto: Terje Nymark Olsen

Takksam for all støtte. 

Hege er òg takksam for all støtte Vaksdal kommune har gjeve henne i prosessen med oppatt-bygginga. 

- Dei har alltid teke telefonen, har teke tak i alle sakene og har verkeleg gjort at ting har ordna seg, seier ho. 

At Hege skulle byggja opp att butikken etter brannen var ho aldri i tvil om:

-Eg sa det allereie dagen etter. Her skal det ny butikk opp. Og no er eg sjølvsagt fornøgd. Med ein ny, moderne butikk og ein god stad å bu.

Det er her Hege høyrer til, det er ho heilt klår på. Den unge butikkstyraren er framleis ung, og har drive butikken på Lavik i åtte år. Bygdefolket i Eksingedalen er stolte av dyktige Hege, som ikkje gav opp – men heller satsa alt på å byggja oppatt både arbeidsplassen sin og heimen til familien. Så at Hege no får denne prisen, er ei gåve til heile bygda! For Eksingedalen er nærbutikken svært viktig, og den er så mykje meir enn «berre» butikk. Den er samlingsstad og viktig møtestad for både fastbuande, hyttefolk og tilfeldig forbipasserande. 

 

Før Hege fekk prisen heldt ho eit innlegg på konferansen. 

Dette innlegget har ho lyst til å dela med eksingedalen.no:

Hei!

Eg heiter Hege. Eg driv Eksingedalen Snarkjøp. 

Eg har drive butikken sidan 2017, då det var ein heilt ordinær butikk med ei enkel kasse og «trange» opningstider. Som var heilt normalt på den tida.

I 2020 fekk eg bli med pilotprosjektet til Merkur og blei den fyrste butikken der til å bli fjernbemanna og testa ut det nya RMA-systemet til Mat Norge. No Liberty Now.

Det var et utruleg godt opplegg. Med ei litt kjedeleg opning, rett etter Covid braut ut, og alle hadde låst seg inne. Som var på ein måte greitt, då eg hadde mykje lenger opningstid og folk ikkje trakka over kvarandre i ei smalare opningstid.

Eg blei godt vant til systemet og følte på ein måte at eg hadde oppdaga ein ny kvardag. Og eg ville ikkje gå tilbake til sånn som det var. For folk var så fornøgde og eg kunne vera mykje meir fleksibel! Eg fekk to barn og kunne ikkje forstå korleis eg skulle ha fått kvardagen til å ha gått opp utan det nye systemet.

Så i mars 2023 ein kveld, i ca. sjutida på kvelden, eg var er på ein samankomst lenger nede i dalen. Eg sat det og sleit med å komma meg inn på kameraa og systemet kopla seg ned. Eg ringe då heim for å be nokon om å sjekka butikken då eg ikkje kunne følgja med lenger. Men blei avbroten før eg fekk sagt noko som helst. 
Huset brann. Alle var ute av huset. Og brannvesenet var på veg. Eg kom opp til Lavik og såg at heile andre etasje var full i røyk. Og eg tenkte med meg sjølv at der skal ikkje eg sova i natt. 

Mamma sto ved sidan av meg og eg sa «Eg trur me søv borte hos dekan i natt.» Eg kunne sjå flammene ved inngangspartiet til leilegheita. Og eg tenkte at dette kan gå bra. Så kom brannvesenet frå Modalen. Men det var inga hjelp. For die fekk ikkje start på pumpebilen. Tida gjekk og eg køyrde ungane bort til foreldra mine. Dei var utrøstelege og ville ikkje sove. De blei sikkert redde av røyken og alt kaoset. 

Etter ei tid reiste eg bort igjen. Då var husets overtent. Brannvesenet frå Dale hadde komme då, ein time etterpå. Når eg no såg huset, då viste eg at det ikkje var nokon vits. 

Branntomta sto der i vekevis etterpå. Med sperreband, og ingen utanom politiet fekk gå inn. 

Då dei endeleg var ferdige og eg kunne gå inn fekk eg ein følelse. Som apokalypsen. Vatn, fleire centimeter vatn, dekka golva. Frysediskane var fylt med vatn, og reker flaut omkring og hadde gjort det uforstyrra lenge. Eg kunne kjenne det på lukta. Men sjølve lukta av huset sat fast overalt! Og følgde etter i lang tid.

Eg hugsa då Bengt og Malena Eriksen dreiv butikken, då eg var liten. Me pleidde å leika gøymsel i butikken om kvelden. Me hadde ein liten bil som me sat på. Og når me svinga med rattet så gjekk bilen. Den kunne gå ganske fort. Me sladda rundt reolane.

No ville alt forsvinna. Det var der endå. Til rivnings-arbeidet reiv restane. 

Alle var glade då de reiv ruinane. Men ikkje eg. Men eg skulle smila for no skulle me bygga noko heilt nytt ikkje sant. Moderne og nytt..

Det blei eit langt år med papirmøller og behandlingsfristar, og ingenting ein kunne sjå. Det var berre papir som skulle være i orden. I samsvar med dagens lovverk og alle skulle meine noko. Det var eit puslespel og få alle til å bli fornøgde. Så i mai 2024 kunne dei starta med grunnmuren. Så var det ferie og så kom tømrarane. Det vaks fram og blei til noko konkret. Ein kunne ta på det og kjenne at det fanns. 

Eg flytta opp i nabohuset den sommaren. Eg kunne sjå frå kjøkkenvindauget at dei jobba. Og dei kunne lett sjå at eg stod der og følgde med. Hausten blei fin og eg kunne allereie då beisa huset. Vinteren kom og etterkvart fekk eg jobba inne og gjera klart kjøkken oppe og i butikken. Sette opp hyller og fekk masse god hjelp! Eg var så glad eg kunne gjera noko heile tida.

Så, etter ein samtale med Per Eivind tenkte me å opna lenge før eg hadde planlagt det. Eg var ikkje sikker på om det kunne gå. Men datoen som han sa hadde sett seg fast oppe i hovudet mitt og eg måtte prøva. Det blei ein skikkeleg hektisk innspurt. Og eg hang eigentleg ikkje med på slutten. Hovudet var ikkje med. På opningsdagen som eg så mange gonger hadde tenkt på i hovudet, planlagt, eg hadde så mange idear. Det var borte som vinden. 

Det var ein fantastisk opningsdag! Alt var perfekt. Og eg var eit nervevrak. No er butikken der. Og kvardagen har begynt. Det var deilig. Det var som å halda pusten. Lenge. Og når er trakk pusten igjen blei eg svimmel og dårleg. Men no er alt veldig fint!

 

Konklusjon: Butikken betyr mykje for meg av ein enkel grunn.

Det betyr mykje for menneska eg er glad i.

Det berører mange.

Det berører eir heilt samfunn.

Og eg er veldig heldig som kan leva slik som eg gjer no.