Ein triveleg og tradisjonell fest vart det lova frå komiteen, og det fekk me. Varmt og fint, og passeleg med avkjølande vind for dei som hadde bunad.

Med 10.klassing Vemund Bergo fremst i toget
Årets Eksingedøl!
Kari Brørvik fekk heiderstittelen "Årets Eksingedøl".
Kari er eit "JA-menneske" sa Lars Patterson, leiar i Bygdarådet. Bygdarådet deler ut prisen kvart år på 17.mai, og prisen heng høgt påpeika Lars. Han trekte fram Kari sitt engasjenmet i soknerådet "Eg kan gjera det eg" - og at Kari har opna opp for turisme på heimgarden sin.

Kari Brørvik, Årets Eksingedøl!