
Eksingedalen oppveksttun har rydda søppel. Mandag 19.mai var ryddedag for heile oppveksttunet. Barnehagen plukka søppel rundt barnehagen og skulen, medan resten av elevane rydda langs fjellvegen, på Fylkesveg 5410. Ei gruppe starta på Utsikten (mot Teigdalen). Heile vegstrekninga frå Mjelkegjelet og Ormaset til Nesheim vart rydda for brøytestikker og anna boss.
I lekse denne veka ryddar elevane heime – og oppveksttunet oppmodar alle i Eksingedalen om å rydda sin del av dalen vår.
Dette var på oss elevane sitt eige initiativ. Me snakka om kor viktig det er å sortera og ta hand om søpla på ein god måte. Me har vore på utstillinga “Sirkulære Nordhordland” og sett at i Vaksdal kommune er me ganske gode på sortering av søppel. Så hadde me sett alle brøytestikken over fjellet vårt. Me tenkte då, at me ville ordna opp i dette. Difor planla me aksjon, og så fann me òg mykje meir enn brøytestikker.

Me fekk søppelposar og gode arbeidshanskar frå Maren på Frivilligsentralen, og vaktmeistrane våre samlar inn alt me har rydda. Det var berre å gå i gang!
Etter me hadde rydda vart me skuffa. Me vart skuffa fordi det var så mykje søppel.
-Folk må skjerpa seg! Folk må tenkja at dei ikkje skal kasta boss i naturen!
-Det som overraska meg mest var bildelar og metall, sa ein av elevane. Me fann hjulkapslar og eit heilt dekk.
-Eg var overraska over ekle ting, som brukte bind, våtserviettar, snus og røyk, sa ein anna av elevane. To plassar, på Utsikten og der bubilar parkerer på toppen av fjellet, var det ekstra mykje av dette.
-Me fann tre heile posar av plast som låg fast i jorda. Det er ille, sa ei av jentene. Så fann me ein sko og me fann drikkeflasker og kartongar med innhald i.

Heile verda er full av søppel. Men det er ille at det er sånn hjå oss også. Tenk på at det lever dyr i naturen. Me fann glasbrot, glasflasker og metallboksar. Det kan dyra skada seg på og bli sjuke av – og kanskje kan dei døy også. På fjellet er det mange ville dyr og fuglar, og sauar og kyr beitar langs fjellvegen.
Brøytestikker.
Det var mykje brøytestikker å finna: bitte små delar, smådelar og lange brøytestikker.
-Me syns dei som skal rydda opp desse gjer ein ganske dårleg jobb. Nokon samlar inn brøytestikkene kvar vår, men dei gjer ingen bra jobb. Mange brøytestikker var klipte rett av. Kvifor vart ikkje desse trekte rett opp? Alle dei som stod i autovernet var lett å dra rett opp. Dei som var klipte av i vegkanten stod fastare, men me fekk opp alle untatt ei. Me tok nok opp mellom 20 og 30 slike bitar. I tillegg var det brøytestikker spreidd utover i eit breidt område.
Me veit at nokon frå Eksingedalen rydda inn brøytestikker i fjor vår også, så difor er det meste av dette komme frå denne sesongen.

Beskjeden frå elevane er klar og tydeleg: Det er ikkje greit med all denne plasten i naturen! Det veit alle. Alle må ta ansvar! Særleg dei som set ut og skal ta inn brøytestikkene over fjellet.

Dagen etter laga me eldste elevane reknestykke til 1.-3.klasse. Me la brøytestikkene utover på fotballbanen, som tre reknestykke. Så måtte dei yngste rekna.


Teksten er skrive av Cecilie, Linea og Vemund
Me har òg sett i gang eit forsøk: Kva vil skje med dette etter tid i jord? Me skal grava opp att for å sjå på det til hausten og til neste vår.
