
Det er ledig jobb på oppveksttunet i Eksingedalen: 40 % barne- og ungdomsarbeidar.
Barne- og ungdomsarbeidar:
Me har ledig 40 % årsvikariat for barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar ved Eksingedalen oppveksttun, avdeling barnehage! Kan vera aktuelt å utvida til 60 eller 80 %.
Som barne- og ungdomsarbeidar på oppveksttunet vil du ha ei viktig rolle i barn sin kvardag. Hovudoppgåvene dine vil vere å bidra til eit trygt, utviklande og stimulerande miljø for barna. Du vil vere ein del av eit team som saman arbeider for å gi barna gode opplevingar og støtte i utviklinga.
https://www.finn.no/job/positions/ad.html?finnkode=404436827
Ta gjerne kontakt med rektor Liv Anne (976 53 458) om du ynskjer informasjon.