Endeleg M A R K N A D!

Av Liv Anne fre 06.06.2025 - 20:36
Marknadskomiteen er i gang! 23.august vert det Eksingedalsmarknad.

Etter sju år med pause er det endeleg Eksingedalsmarknad! Ny butikk er på plass, det er verkeleg grunn til å markera dette med ein storslått dag kring butikken.

På programmet i år er det barneteater med Hiri, sauen og veren. Det vert korsong med koret SPLEIS, "Mesternes Mester" med Eksingedalen IL, gardskonkurransar med Bondelaget, Traktorparade, opning av Telefonkiosken, Andeløp og meir til.

Ei rekkje utstillarar er alt på plass. Det vert god høve til handel av mat, skinn og garn, smykke, treprodukt, bivokslys, Bjarte sine tennrullar med meir.

Grilmat vert det også, med Voss Kjøt og Arne Merkesdal. Rikeleg med kaker og kaffi syter Eksingedalen Kvinne - og Familielag for. 

 

Vil du vera med på ein "Spleis"? Bygdarådet har oppretta ein spleis: "Spleis til marknadsbord" Bygda treng eigne bord til utebruk, til salgsbord og kafe. Tanken bak spleisen er at bygda skal kunna kjøpa inn bord, som skal lagrast på saga på Lavik. Me håpar å kjøpa inn bord før marknaden i år. Det er også tenkt at borda skal vera alle i bygda sine, til utlån for dei som skal ha eit større hageselskap.  

https://spleis.no/spleistilmarknadsbord  Eit bord kostar 500, det er høve til å spleisa både heile bord og delte bord. 

 

Set av 23.august  - meir informasjon kjem i løpet av sommaren.