Bygdarådet i Eksingedalen er offensive. I desse dagar vert det sendt ut brev til utflytta eksingedølar og til alle som eig eit småbruk eller tidlegare bustadhus og som ikkje er folkeregistrerte her. Målet er klart: Få fleire fastbuande til Eksingedalen. "Bygda vår treng deg", er tittelen i brevet.
- Dette er stort og viktig for Eksingedalen, seier Lars Patterson som er leiar i Bygdarådet.
Det heile starta på årsmøtet til Bygdarådet i april. Annika Nottberg Brønstad fortalde om eit prosjekt ho hadde lese om, der ei bygd hadde kontakta utflytta ungdom og samstundes kartlagt ledige hus og gardar. Dette inspirerte Annika, og ho utfordra Eksingedalen til å gjera det same. Annika fekk stor støtte og ros for å ta opp dette. Årsmøtet bestemte samrøystes at dette skulle vera ei hastesak, og ei skrivegruppe vart sett ned for å byrja arbeidet.
Styret i Bygdarådet er veldig fornøgde med måten brevet er skrive på, seier Lars Patterson. Eg heiar fram dei flinke ungdommane, særskilt Annika som tok initiativet. Det er eit fint bygdemiljø her i Eksingedalen, på alle måtar.
Det vert sendt ut to brev, som startar slik:
Kjære utflytta sambygding: Er det råd å lokka deg heimatt til Eksingedalen? Bygda vår treng deg!
Kjære huseigar: Bygda vår treng deg! Me ynskjer oss ein levande Eksingedal.
I brevet fortel ein om kor bra det er å bu på bygda og i Eksingedalen. Samstundes viser brevet ein uro over at folketalet i dalen stadig går nedover. Om bygda skal leva vidare er det trong for folk. Folk som engasjerer seg, folk som deltek, born til barnehagen og skulen - og fleire til å handla på butikken.
- Det er ein trend i samfunnet at fleire ynskjer seg attende til bygdelivet. Slik det er no, er det mangel på buplass om ein skulle ynskje å bu her.
- Me har her 32 konvoluttar, dette er brev til huseigarar som ikkje bur i husa dei eig her, seier Annika, Anna og Hege. Me har òg 60 konvoluttar med friarbrev til utflytta eksingedølar.
-Sjølvsagt ynskjer me "kven som helst" velkomne hit, seier Annika. For oss vart starten å invitera heimatt dei som kjem herifrå. Om me får fleire ledige hus - så vil me sjølvsagt fortleja om dette til kven som helst!
Alle breva innheldt ein QR-kode, med høve til å senda inn anonyme svar eller personlege svar. Me spør utflytta eksingedølar om dei vurderer å flytta tilbake, kva som skal til for å flytta tilbake - og kva som er den største utfordringa med å flytta tilbake, seier dei tre damene.
- Huseigarar spør me om dei vurderer å flytta hit, om dei er villige til å leiga ut huset slik at nokon kan prøvebu i dalen eller om dei vurderer å selja. Tenk om me greier å formidla kontakt mellom nokon, seier Annika. Det var det eg håpa på då eg la fram prosjektet.
- Dette er ærleg forøk på å auka folketalet og gjera Eksingedalen til ei levande bygd inn i framtida. Kan hende nokon vil oppfatta brevet litt vanskeleg, det me håpar på er gode tankar vidare - og at alle uansett kva dei vel vil kjenna seg like velkommen i bygda og bygdelivet som no, avsluttar Annika, Hege og Anna.
Brevet er skrive under av Styret i Bygdarådet, Lars Patterson, Håkon Øvstedal, Einar Hovda Nilsen og Svein Tollefsen.
Håkon har vore Bygdarådet sin representant i skrivegruppa.