November kan vere litt mørk og tung, og då er det kjekt å ha noko å glede seg til !
7.november kjem Ingvar Wilhelmsen til Eksingedalen og Nesheim kyrkje. Wilhelmsen er kjent for å halde engasjerande og humoristiske foredrag - med klokskap og stor forteljarevne underheld han samstundes som tilhøyrarane lærer mykje - og kan kjenne seg igjen.
Denne gongen handlar det om å vere Sjef i eige liv. Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi forheld oss til alt som skjer, bestemmer vi sjølve. Ingvard Wilhelmsen vil utfordre oss på dette. Korleis er det mogleg å få fred i kropp og sinn i ei usikker og uroleg verd?
Rhoda Ondeng Wilhelmsen er profesjonell songar, og er også gift med Ingvar Wilhelmsen. Før og etter foredraget vil ho fremføre nokon sanger, akkompagnert på piano av Roald Kleiveland. Hanna Gullbrå vil også delta med song Med andre ord, her blir det både konsert og foredrag.
Billettar finn de her: Sjef i eget liv - 07.11.2025 | Stiftinga Kely Mandresy | Kjøp billetter | Hoopla
Rhoda driv stiftinga Barak Opera Kenya. Hennar visjon er å inspirere, utdanne og eksponere unge songtalent i Kenya. Ho arrangerer skolekonsertar, finansierer eit guttekor “From boys to men” og har produsert to kenyanske operaer gjennom denne stiftinga. Honorar frå konsert/foredrag går uavkorta til støtteforening for denne stiftinga. Om nokon vil lese meir om den, er informajon å finne på : Baraka Opera Kenya. VIPPS-nr til deira støtteforening er 537425
Overskot som elles kjem inn denne kvelden, vil gå til skulen Kely Mandresy på Madagaskar. Her er med andre ord fleire gode formål å støtte.
Etter konserten vert det enkel kafe og sal av vanilje frå Madagaskar.