Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin er kvar for seg kjent som sterke formidlarar på den nordiske folkemusikkscena. I konserten "Vintersong" skaper dei varm julestemning med sine nyckelharper, hardingfeler, gitarar og stemmer. Tradisjonelle julesonger frå det felles-nordiske reportuaret, energisk samspel, eigne viser og historier. Trioen har turnert med julekonsert saman i fleire år og har i år også med seg den nye juleplata si!
Duoen HazeliusHedin er mellom Sveriges største folkemusikkstjerner, og har ei ekstra nerve i samspelet sitt som berører sterkt. Dei har turnert mykje, gjeve ut fleire plater saman og har eit stort nordisk publikum. Det same kan ein seia om Sigrid Moldestad, som har fleire plater bak seg og er kjent for si sterke formidling og songane sine. Trioen skal turnera både i Noreg og Sverige før jul.
Billettar kan kjøpast via sigridmoldestad.com + hazeliushedin.com
Set av laurdagskvelden den 13.desember. Dørene opnar klokka 18.30, konserten startar klokka 19.30. Gle deg!
Sigrid Moldestad har hatt konsert i Ljosheim før, no ynkskte ho seg attende hit.