I Grendahuset Ljosheim har ein heile september kunna sett utstillinga "Dåpsfølgje i Eksingedalen". Utstillinga er del av "Kulturarvfestivalen i Indre Vestland", og melleom 150 og 200 har vore innom Ljosheim denne månaden.
Det er Kvinne- og familielaget i Eksingedalen som står bak innsamlinga og utstillinga. Det er mange fine skattar med nydeleg handarbeid som er teke godt vare på. Dei to eldste kjolane frå dalen er frå 1890 og 1892. Kjolane har handbroderte blonder og er staseleg den dag i dag. Eldste kjolen ber preg av alder og bruk, og har vore modell for fleire nysydde kjolar. At dåpskjolar har vore viktige fortel historia til fleire av kjolane. Kjolen frå Bindingsbø er sydd til Anna Louise Bindingsbø i 1909. Faren hennar hadde fått pengar frå Amerika, og reiste til Voss for å kjøpa stoff og utstyr til dåpskjole. Kjolen frå Lavik frå 1919 er sydd av stoff som er komme sendande frå Amerika.
Forteljingane fortel at folk lånte dåpkjolar av kvarandre. Utvalet av dåpshuer er stort, omlag 40 huer er med i denne utrstillinga. Dei aller minste huene vart brukt til dåp heime. Nokre born "måtte" døypast straks dei var fødde, andre born vart heimedøypt fordi det var leneg mellom kvar god det var gudsteneste. Før kyrkjene kom på Flatekval og Nesheim måtte borna berast over fjellet til Mo eller Evanger til dåp.
I Eksingedalen har hekla dåpshuer vore i bruk, noko ein ikkje finn så mange andre stader i området heromkring. Tidleg på 1990-talet samla Veslemøy Bergo inn dåpshuer, og ho har hekla dei oppatt og vidareført mange gamle mønster. Ulike gardar hadde ulike mønster. Kor mange huer Veslemøy har hekla er ho ikkje sikker på, men talet er mellom 20 og 30.
Eit heilt dåpsfølgje er stilt ut. To koner med svartahuer og svarte trøyer, ein kar i staseleg vadmål og Amerikadokka kledd i Vossabunad. I tillegg finn ein dokker med dåpskjolar, vogger frå 1800-talet og ei barnevogn frå 1920. I barnevogna sit dokka Ea, i "Kristnadskjolen" til Ingebjørg Bergo. Ingebjørg var fødd i desember, og for stor til dåpskjolen då ho skulle døypast i kyrkja på Nesheim 25.juni 1922.
Sist veke inviterte Kvinne- og familielaget til strikkekveld. Bortimot 60 møtte opp, og fekk mellom anna sjå utstillinga. Eit høgdepunkt var då tre jenter, heilt utan plan eller avtale, vart kledde opp i "svarte-kleda" og gjekk til dåp med dokke-babyar. Tilfeldigvis kom Jon Anders Bergo også, og han spelte høveleg tonefølgje på det gamle trøorgelet.