Er det hus til leige i Eksingedalen?
Familie er på leit etter hus! Line Og Magnus har kontakta eksingedalen.no:
Me står i ein prosess å skulle vilja flytta heim att til Norge, og Modalen med omegn. Me håper på å flytta våren/sommaren 2026. Men me vil gjerne byrje med å leige. Det gjer at me er fleksible på kor me bur, berre det går å ta seg til Modalen til arbeid. Har du eit hus å leige ut?
Me er fem i alt når alle er heime, så me treng helst tre soverom eller meir.
Skriv gjerne: slettengline@gmail.com
Glade helsningar frå Line Indvær Sletteng med familie
Har du hus til leige i Eksingedalen?