Då kyrkja fekk nytt sakresti på 70-talet vart toalett og vaskerom plassert i kjellaren under dette. Det resulterte i ein tur ned ei trapp for dei trengjande. Bratt og på vinteren tidvis glatt. Så det kunne gå inn ei dør på bakkeplan er ei stor lette.
Løysinga vart til slutt å bygge toalettet attmed redskapshuset som stod ved porten inn til gravplassen. Så med ny lampe i stolpen ved kyrkjegarden og spotlys i inngangspartiet til toalettet skal det ikkje vera problem med å finne fram.