Konserten "Vintersong" med Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin vart ei stor oppleving, på sjølvaste "Lussiadagen". Dei dyktige musikarane fylte Grendahuset Ljosheim med nydeleg musikk, vakre ord og stor varme.
Sigrid Moldestad har hatt solokonsert i Ljosheim tidlegare. No ynskte ho å komma attende med jolekonsert, saman med HazeliusHedin, som ho turnerer saman med kvart år i desember. Konserten var variert, med både norske og svenske tekstar og melodiar, og heile konserten var akustisk. Både stremme og musikk bar godt i heile salen, og musikarane let vel over "berre" å kunna bruka stemme og instrument. Rommet vart fylt av gode lydar utan innpakking.
For publikum var det ei framifrå musikkoppleving, ei nydeleg stund like før jol.
- Dette må vera av det aller beste me har opplevd i Ljosheim, sa ein av publikum etter konserten.
- Tenk å oppleva dette vakre, og så i saman med så mange, sa ein annan.
Grendahuset var jolepynta, og husastyret tok som vanleg blidt imot gjestane. Det var rykande ferske lussekattar og gløgg, i tillegg kaffi og bobler. Og nær 80 billettar var selde.
- Dette er stor stas, tenk at Sigrid Moldestad kjem att hit - og me greier å fylla huset på denne måten, var tonen frå Anna og dei andre damene i Husastyret.
Sigrid Moldestad kjem att, det lova ho!
Med nystrikka Skul-Anna vottar på, reiste dei tre musikarane vidare med "Vintersong".