Eksingedalen har fått beredskapsnett

Av Liv Anne tir 30.12.2025 - 10:32
Olever Gravermoen frå Vaksdal kommune kom med "Starlink", "Eksingedalen beredskapsnett"

Eksingedalen har fått beredskapsnett

Folka i Eksingedalen har kjent på kor sårbart det er når ein fiberleidning skal bera all kommunikasjon - på nett og fram til mobilmaster. Ryk kabelen, står i verste fall heile dalen utan kommunikasjon. Vaksdal kommune og Vestland fylkeskommune ser behovet for ein plan B og har no sett opp eit beredskapsnett som er tilgjengeleg både inne på skulen og ute på skuleplassen. Eit Starlink-system med satellittbasert oppkobling skal i teorien fungera når som helst. Nettet er opent og gratis.

I ein beredskapssituasjon der kommunikasjon fell ut, vil innbyggjarar og tilreisande kunne nytte seg av nettilgongen her. Ved samstundes straumbrot må anlegget koblast mot eit aggregat eller skøytast til ein bil med V2L-moglegheiter. 

- Tilskotet vi har motteke skal finansiera utstyr og abonnement gjennom to vintrar, etter den tida vil tilbodet verte evaluert. Vi håpar sjølvsagt at beredskapsnettet ikkje trengs, men er glade for at det no er kome på plass, seier Oliver Gravermoen.

Kyndige folk frå IKTNh testa, fann fram til best plassering og innstallerte nettverket.

- Nettet er testa til god kapasitet og fart, men det er viktig å ha med seg at volumet per månad er avgrensa til 50 GB i første omgang. I praksis betyr det at det er rikeleg med data til epost, IP telefoni eller meldingar når det vert behov for det, men nettet er ikkje eigna for strøymetenester, YouTube, videosamtalar eller Spotify, seier Gravermoen. 

- Signalet reiser til verdsrommet og attende til Eksingedalen, noko som kan gje ei oppleving av forseinkingar især når få satellitter er tilgjengelege - men for basistenester fungerer dette utmerka, legg han til. 

Godt samarbeid mellom Alexander og Hallvard frå IKTNh, vaktmeister Aleksander og Oliver frå Vaksdal kommune. og Oliver

Eksingedalen Bygdaråd og eksingedølar elles har ved fleire høve vore bekymra for beredskapssituasjonen i Eksingedalen. No er eit pilotprosjekt på plass, og om det skulle skje at fiberkabel og internett ikkje fungerer, så kan bygdefolk og andre bruka "Eksingedalen beredskapsnett".

- Det vert spennande å prøva dette ut, seier Gravermoen. For å kunna prøva dette ut i to vintrar, stengjer ein nettet ned utpå våren - og slår det på at til neste haust. Slik strekkjer ein pilotprosjektet litt lengre. 

 

Sjå video om projektet her: https://vimeo.com/1147966986

Vaksdal kommune si nyhende-sak: https://vaksdal.kommune.no/nyhet/proeveordning-med-satellittinternett-ved-eksingedalen-oppveksttun