Eksingedalen IL heldt årsmøte laurdag 6.februar. Som vanleg inviterte styret i idrettslaget til laurdagsgraut og premieutdeling før møtet.
-Sosiale treffpunkt er viktige i Eksingedalen, seier Anna, som er leiar i Eksingedalen IL. Difor nyttar me høvet til å invitera til laurdagsgraut i gymsalen.
Her vart det også delt ut premiar for både ski, idrettsmerke og trimpoeng.
Eksingedalen IL er eit aktivt lag. Kvar måndag i vinterhalvåret (frå oktober til påske) er det styrketrening og volleyball, og i sommarhalvåret er det fotballtreningar og onsdagsturar.
Sommaren 2025 vart Tufteparken opna. Tufteparken er eit økonomisk spleiselag. Anlegget har motteke Bygdeutviklingsmidlar frå Vaksdal kommune, støtte frå Vossabanken og Sparebanken Vest, frå Kvinne- og Familielagat og frå Uni Micro. Kostnaden var ganske nøyaktig ½ million, der Eksingedalen IL sjølv har støtt for om lag 2/3 av kostnaden. I tillegg kjem alle dugnadstimane som medlemmar har utført.
Eksingedalen IL utfører også anna viktig arbeid i Eksingedalen, som flaggheising på offisielle flaggdagar og vask av toalett. Laget har hovudansvar for hjartestartarane i dalen, som er eit økonomisk samarbeid mellom idrettslaget og Kvinne- og familielaget.
Idrettslaget planlegg aktivitetar utover våren:
Kvar måndag kl 20 -21.30 er det styrketrening og volleyball i gymsalen
18.februar kl 19: Kveldsrenn med hovudlykt
22.februar kl 12: Lagsmeisterskap i langrenn
14.mars kl 12: RETRO vinteraktivitetsdag
Skjærtorsdag: BINGO
Langfredag: Kvitanosi
Ca 20.mai: Oppstart av onsdagsturar
Følg med her på eksigedalen.no, aktivitetar vert annonsert her.