Ein historisk lukkeleg dag! Torsdag 12.februar vart det fødd to nye eksingedølar, med tre timars mellomrom. Dei to borna alle veit om at er ventande dette året, valde å bli fødde på same dag!
- Kva var oddsen for det? smiler Annika.
Terminen var det nokre få dagar imellom, no deler Sunniva og Annika barselstida på Føden på Voss.
Annika og Odd Inge sin gut kom først. Han har fem lukkelege storesøsken som ventar på han. Sunnivia og Einar si jente kom tre timar etterpå, heime ventar ei storesyster på snart tre år.
- Det er stas å dela fødedag med Annika, seier Sunniva, og fint med barselstida saman her på Voss.
I Eksingedalen er det no fødd tre babyar på under tre månader, og her er ti born under 6 år. Dette gjer at Eksingedalen er den einaste bygda i Vaksdal der barnetalet peikar oppover fram mot 2030. Det lovar godt!