ROS-tallerken til Kari og Einar i Yksendalen

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 15:39

På eigarmøte i Nortura sist veke fekk Kari Brørvik og Einar Hovda Nilsen utdelt ROS-tallerken, ei påskjønning for gode ROS-resultat. ROS er ein måte å måla kvalitet på, og Kari og Einar fekk «Kvalitetslam-pris for 2025»
ROS-analysen er delt inn i kvalitetssirklar, der 25 % av sauebøndene kjem i den innerste sirkelen. Der er Kari og Einar dette året, mellom dei 100 beste i landet. 
 

Tre kriterium ligg til grunn for prisen: Kvalitetspoeng, mengd Gourmetlam og slaktevekt på lam. Lamma frå Yksendalen fekk 11,1 kvalitetspoeng, 98 % av leverte slaktelam greidde krava til  Gourmetlam og snittvekta på slaktelam var 24 kg. For dette fekk dei ROS-tallerken, som eit av i alt to gardsbruk i distriktet Indre Hardanger, Voss og Vaksdal.