Nytt Bygdekvinnelag!

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 16:00
Liv Spilde, Liv Kolskår og Siv Helle Prestegard fekk det travelt med registrering av nye medlemmar

24.februar vart det skipa eit heilt nytt lag i Eksingedalen. Initiativet til nytt lag kom til etter nedlegging av Kvinne- og familielaget i januar. No har damene valt å engasjera og seg som bygdekvinner, som del av organisasjonen Norges Bygdekvinnelag. Bygdekvinnelaget er ein landsdekkande organisasjon med 12 000 medlemmar, fordelte på 400 lokallag.

- Dette har me aldri vore med på før, så dette er historisk! Sa dei blide damene som kom frå Voss og Hardanger. Liv Kolskår frå Voss er styreleiar i Hordaland Bygdekvinnelag, og kom for å fortelja om lagsarbeid og orgsnisasjonen. Ho hadde med seg Liv Spilde frå Bjørgum og Siv Helle Prestegard frå Hardanger. Dei inspirerte og engasjerte eksingedalsdamene som møtte fram. 

Liv Kolskår fortalde om verdiane bygdekvinnelaget står for, og ho heldt fram kor viktig og kjekt det er med ein møteplass for kvinner i bygda. Bygdekvinnelaget sitt hovudtema dette året er "Beredskap", i tillegg er organisasjonen oppteken av "det nære", som levande bygder, lokal kultur, inkludering, mattradisjonar og folkehelse.

Frammøtet var godt, der så mange som 16 damer teikna seg som medlemmar denne kvelden, i tillegg har fleire meldt seg si interesse for å verta medlem. Dei frammøtte hadde mange tankar om kva laget kan driva med, noko det nyvalde interimstyret må ta tak i framover. 

Det nye styret er sett saman slik:

Leiar: Liv Anne Bergo
Nestleiar: Solfrid Urke Nese
Skrivar: Britt Eide
Kasserar: Aud Marit B. Bergo

No skal det nye laget registrerast på skikkeleg vis, deretter kjem det nok ut ei oversikt over aktivitetar. Interimstyret fungerer fram til årsmøtet i bygdekvinnelaget, som skal skje i oktober. Første post på programmet er basar, for no må laget opparbeida seg kapital.