Dei to eksingedølane Mari Odland Trefall og Elisabeth Holth fekk sist veke gullklokke og blomar, som heider for å ha arbeidd 25 år i Vaksdal kommune.
Dette vart delt ut under jubileumsmiddag for fleire 25-årsjubilantar i kommunen sist veke. Mari har i desse åra jobba i Eksingedalen barnehage, ved Eksingedalen skule, Dale barnehage og no ved Eksingedalen oppveksttun. Elisabeth har hatt, og har, sitt arbeid i heimetenestene i kommunen.