Håkon Øvstedal, ung bonde på Nesheim, slo eit slag for unge bønder framfor Stortinget onsdag denne veka. Han heldt appell framfor Stortinget, ved Norges Bondelag sin Bondefrukost.
Bondelaget inviterer årleg til Bondefrukost, i førekant av jordbruksforhanlingane. Politikarar og folk med ulike viktige verv for landbruket vert inviterte, og frukosten er også open for kven som helst.
- Eg vart oppringt av Norges Bondelag sist veke. Dette kunne eg ikkje seia nei til, eg måtte berre reisa bort, smiler Håkon.
- Eg snakka om det å vera ung bonde i landbruket, og kor viktig det er å leggja til rette for at unge skal kunna starta opp som bønder. Det er vanskeleg å vera småbarnsforeldre og i oppstart, utan hjelp ville ikkje Frida og eg greidd oss. Me er heldige med foreldre som kan hjelpa. Med små barn er det ein "kabal" som skal gå opp, og det er viktig at det er ordningar slik at dette kan vera mogeleg. Eg veit at mange vegrar seg med overtaking, nettopp på grunn av dette. Det må vera rom for å få barn som unge bønder. Livet som småbarnsforeldreog bønder er eit meinigsfullt liv, og det inneber eit stort ansvar.
Håkon er oppteken av at det må vera trygt å investera, spesielt viktig for ungdom i distrikta. Det må vera politiske rammevilkår til å betena lån over 30 år.
- Det må vera trygt å investera og mogeleg å leva av å produsera mat, var eit tydeleg bodskap i appellen.
Vidare la han vekt på fellesskapet og fagmiljøet mellom unge bønder. Det er viktig å oppretthalda gode miljø rundtom, seier Håkon bestemt.
- Elles vart det ei veldig spesiell hending for meg medan dette stod på utanfor Stortinget. For dette var dagen då den ukrainske presidenten Zelenskyj var i Oslo. Appellen min måtte faktisk utsetjast litt fordi nett då kom bilane med Zelenskyj inn framfor Stortinget. Dette var spesielt, ja, fortel Håkon,
Etter Bondefrukosten vart Håkon med vidare til Landbrukets Hus. Der var han med på innspeling av "Landbrukspodden", som er ein podkast ved Norges Bondelag om matproduksjon og ulike tema knytt til næringa. Det vart også spelt inn nokre videoar med spørsmål frå folk på gata.
Den unge bonden frå Eksingedalen vil difor dukka opp både i podkast og videoar framover.