Kven skal bli årets Eksingedøl?

Av Liv Anne ons 22.04.2026 - 07:30

Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar! Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda. 

 

 «Årets eksingedøl» vert kåra for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen.

Den som blir kåra til "Årets Eksingedøl" er ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året, sidan sist 17.mai. Det kan sjølvsagt også vere for engasjement som også har føregått over fleire år. Utmerking blir delt ut på 17.mai. 

Styret i bygdarådet tek endeleg avgjerd på kven som får prisen, og for å klare dette treng me innspel frå bygdefolket. 

Kven meiner du fortener ein slik tittel i år? Me oppmodar om å tenkja vidt - det er mange som kunne fortene ein pris for positiv innsats. Kven er din kandidat? 

Send ditt framlegg med grunngjeving på epost til Liv Anne, som er leiar i Bygderådet. 

Epost: l-abergo@online.no  innan 10 mai.