Informasjon frå Bygderådet

Av Liv Anne man 04.05.2026 - 20:47

Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet. 

Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver. 

 

Styret har hatt styremøte, og startar arbeid med desse sakene:

  • 17.mai-nemnda er no heilt klar, 9 personar stiller opp for å laga til fest. Festen vert som vanleg på oppveksttunet på Bergo, der toget startar å gå klokka 12. 
    Talar for dagen er Kjell Inge Øksendal.
    Kom med framlegg til «Årets Eksingedøl»! Utdelig av prisen skjer på 17.mai.
  • Nye folk til bygda: Bygderådet ynskjer alle nye velkomne!
    Denne gongen: Merita & Stein på Lavik, Magnus på Fjellanger, Guro & Jarand i Yksendalen. Blomar og helsing er levert. 
  • Oppslagstavlene ved butikken på Lavik:
    Tavlene er fine, men litt gøymde. Det kjem straks opp skilt for å visa veg til tavlene og minna oss om at dei er der. Det er meining at tavla til venstre skal vera for «Det skjer». Denne tavla håpar me kjem flittig i bruk for å visa kva som skjer av arrangement i Eksingedalen. Den andre tavla skal få overskrifta «Utleige og sal». Denne tavla vert alle med hus/hytte/andre ting for utleige eller varer for sal oppmoda om å bruka. Eit A4-ark er passande storleik.
    Denne tavla vippsar ein 100 kr til Bygderådet for å bruka. 
  • Telefonkiosken:
    I sommar ynskjer me at denne skal vera ein informasjonssentral. Heng gjerne opp dei same plakatane som vert hengt opp på tavla for «utleige og sal». Styret har litt idear for kva me elles skal få til i telefonkiosken, det kjem me attende til. Har du idear, sei det gjerne til styret.
  • Ny nettside for Eksingedalen
    Styret jobbar vidare med framlegget som arbeidsgruppa la fram på årsmøtet. I slutten av mai inviterer styret arbeidsgruppa inn til møte med styret, for å leggja plan for framdrift og oppfølging. 
  • Skilt, veg og veglys: Det er teke kontakt med Fylkeskommunen om kven som har ansvar for oppfølging av å skifta lyspære i mørke veglys. Dette er det Fylkeskommunen som har ansvaret for, er svaret. Men, kva tid det er plan om utbetring har me førebels ikkje fått svar på. 
  • Post- og pakkeboks på butikken på Lavik. Denne saka tek styret tak i vidare no i vår.

 

Styret vil også halda fast i sakene under i løpet av arbeidsåret:
«Folk i husa» - hus som treng folk – og folk som ynskjer hus i Eksingedalen
Postnummer Eksingedalen
Kommuneplan, rullering av arealdelen (kjem til hausten)
Konsesjonsfornyinga
Kommunale investeringar i Eksingedalen

 

Helsing styret i Bygderådet
Einar, Håkon, Britt og Liv Anne