Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare

Av Liv Anne man 25.05.2026 - 21:50

Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.

Tekst og foto: Gunnar Hatland

Yngste av dei tre borna til Anna, er Live på berre eit halvt år. Pinsehelga har ho brukt til å til å trena på å gje Kongen ein hjarteleg velkomst. Foto: Gunnar hatland

- Anna, no må du fortelle alt: Har du klar talen til Kongen komande onsdag? Stiller du i bunad? Er du nervøs? Får du sagt noko fint om Eksingedalen til Kongen? Har du hugsa å skaffe deg barnepass til dei tre små i familien? Passar bunadsskoa?

- Oi, det var mykje på ein gong. Men for å sei det viktigaste: Eg skal jo ikkje stå aleine på scena den knappe timen frå klokka fire onsdag ettermiddag. Vi vert to likestilte konferansierar, Jørn Øyrehagen Sunde som no bur på Vaksdal, og meg då, seier Anna Bergo. 

Så her er det i praksis utkantane i den langstrakte kommunen vår som har fått æra av å lose oss gjennom den offisielle markeringa. Jørn er professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, frå Uskedalen i Kvinnherad. No busett på Vaksdal, som første generasjon der. Anna Sveinungsdotter Bergo er lærar på Eksingedalen skule. Ho bur på Bergo, der ho nett no har overteke garden, som odelsjente. Tidlegare slektsforskning syner at ho er 18. generasjon på bruket. Med andre ord overkvalifisert til å kalla seg urbefolkningen i Eksingedalen.

Onsdag 27. mai 2026 er det altså offisielt besøk av Kong Harald og i Vaksdal.  Dronning Sonja skulle også ha vore med, me vart frå første pinsdag sjukmeldt på grunn av hjarteflimmer.

Vaksdal er ein av dei fire kommunane der Kongen ikkje har vore på offisiell vitjing enno. 

Men onsdag skjer det, med staseleg program på uteområdet til Dale skule frå kl.16. Det er lagt opp til reine folkefesten frå publikumsområdet vert opna kl. 14, til Kongen skal til Dale of Norway kl. 17.

-Her må eg også få smita inn litt lokalpatriotisme: Knut Trefall, også han frå Eksingedalen, skal vera ein av dei som viser om her. Og han har mykje å by på med den store samlinga av OL-gensarar som vert presentert. 

- Men Anna, du slepp ikkje unna det som gjeld deg.

- Skal prøva å ta det viktigaste her då, for det er jo ikkje noko som er hemmeleg no. Talen til Kongen er klar, kontrollert av ekspertar som kan slikt. Dermed kan eg tørrtrena litt, for å sjekka at eg held meg innanfor dei tilmålte sekunda. Og sjølsagt må eg stilla i bunad, denne gongen med nyinnkjøpte sko som skal passa perfekt.

- Barnepass?

- Du trur vel ikkje at eg har gløymt det? Her er det sjølvsagt pappa’en som stiller opp. Men ingen særbehandling. Han og borna må gå inn i publikumsområdet, slik alle andre må.

- Er du nervøs før du entrar scena?

- Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Eg er jo ikkje åleine der eg står, Jørn er scenevant, ordføraren også, og artistane. Men her er det plass til amatørar også, som to elevar frå kvar av dei fem skulane i kommunen. Dei skal også på scena. Det virkar jo beroligande på meg, så flinke som dei er, seier Anna.

 

Arrangementet  vert strima, og kan sjåast på Vaksdal kommune sine nettsider.