Selmer, Kawin og Alma, hand i hand og klare for skule. Foto: Jørgen E. Bergo
Det er alltid stas å starte opp att i skule og barnehage i august. Ekstra stas var det for dei tre elevane som starta i første klasse.
Det er 17 år sidan skulen sist har hatt tre elevar i same klasse, så for skulen er dette ekstra kjekt!
Elevtalet aukar på skulen i Eksingedalen.
Første skuledag 2026. Foto: Stine Strand Carlsen, Avisa Hordaland
Oppveksttunet rommar både barnehage og skule, og ved skulestart stiller dei to 4-åringane gjerne med på bilete. Skulen startar opp med ti elevar frå 1.-9.klasse, og barnehagen med fire born. Fleire nye barnehageborn er ventande utover året.