Vaksdal kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Haralds bortgang

Av Liv Anne fre 28.08.2026 - 15:11
Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff.

Frå Vaksdal Kommune si nettside:
Vaksdal kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Haralds bortgang - Vaksdal kommune

Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vaksdal kommune sender sine djupaste kondolansar til kongefamilien.
 

– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.

– Kong Harald var ein varm og nær konge. Han var inkluderande og famna om heile folket i ord og handling, både i gode og vanskelege tider. Me tar med oss dei gode minna frå besøket han gav oss i mai, og frå heile gjerninga hans som Noreg sin Konge. Våre tankar går til Dronning Sonja, kongefamilien og alle andre som stod Kongen nær. Fred over Kong Harald sitt minne.

 

Kondolanseprotokoll

Vaksdal kommune vil legge til rette for at innbyggarar som ønsker det, kan skrive ei helsing i ein kondolanseprotokoll.

Kondolanseprotokoll vil vere opne for publikum ved Eksingedalen oppveksttun, torsdag 3. september kl. 13.00-15.30.