Ved nyttår 2026 kom Merita Tjelta Dalland og Stein Dalland med flyttelass til Lavik. Med seg hadde dei 130 sauar og åtte hundar. Katten Rasmus tok i mot dei i Ridnatunet, som bindeledd frå tidlegare eigarar, Astrid og Rune Lavik.
Med dette kom det sau att til garden på Lavik, og ein gard i Eksingedalen kom i drift att.
Kvifor det vart Eksingedalen?
- Ja, det kan du sei, smiler Merita. Me hadde lyst å kjøpa oss gard i lag. Begge to har me drive gard på kvar vår kant, eg på Nedstrand i Rogaland og Stein på Ostereidet. Stein er glad i Stølsheimen. Far hans, broren og han sjølv har hatt sau på beite i Stølsheimen i 25 år. Me hadde kikka på gardar sørover før, eg skulle absolutt ikkje bu så langt frå ungane mine, seier Merita.
-Men, så kom garden på Lavik på sal i fjor haust. Me stoppa innom, berre for å sjå. Her vart me rett og slett begeistra, fortel Merita og Stein.
-Etter dette besøkte me Astrid og Rune fleire gonger, og kjente veldig på at me hadde felles interesser og syn på ting. Me vart begeistra for folket, garden, museumslemmen og hagen. Det var full klaff og god kjemi mellom oss fire, me fall rett og slett for kvarandre. Så me fekk tilbod om å kjøpa garden til takst.
Dei nye eigarane rosar seljarane Astrid og Rune, særleg har Astrid vore mykje innom. Hjelpt til har ho òg, fortel dei.
-Dei har verkeleg vore til god hjelp og støtte, det kjennest som familie, seier Merita. Stein nikkar og smiler.
-Her på Lavik har me fått vårt eige, me kan driva med sau – og me kan trena hundane vår.
Saueflokken på Lavik er ei blanding av gammalnorsk spæl og farga spæl. I vår og sommar her sauane beita på Lavik, i Molvik (i Nordhordland) og i Stølsheimen. På Lavik beitar dei alle bakkane vår og haust. Alt vinterfôret kjøper dei. Den først sesongen i Eksingedalen har vore god, med 2 lam i snitt og lite tap av lam.
Paret fortel at dei planlegg å gå litt ned på sauetalet, til ca 100 vinterfôra, på grunn av plassen i floren, lemminga og tilgang til beite.
Begge to har dei 100 % jobb utanom. Stein pendlar kvar dag til Flatøy, litt forbi Knarvik. Det vil han halda fram med.
-Det er fantastiske morgonar, der eg startar halv fem og rekk nyheitene tre gonger på veg til jobb, smiler han.
Merita jobbar i Modalen, der ho er avdelingssjukepleiar på Modalstunet og i heimetenesta.
Merita og Stein møttest gjennom ei stor felles interesse; gjetarhund. I 2022 det vart dei to. Då treftest dei for «skikkeleg» for første gong, ved fylkesmeisterskap for gjetarhund i Rogaland. Stein var dommar og Merita deltok med hundar. Der var det nok ikkje hundane som imponerte Stein mest.
-Han dømte meg nord og ned, og den eine hunden min måtte bryta fordi han gjekk for fort. Dommaren var ikkje imponert, ler Merita.
Seinare i meisterskapet vart det mykje løye av dette, og Merita vart sekretær for dommaren. Og slik vart det dei vidare. Dei møttest ved fleire tevlingar, der ho var med som sekretærhjelp.
-Me gifta oss i sommar, legg Stein til.
Merita og Stein har kvar sine hundar, som dei trenar. Dei fortel at det vert litt meiningsutvekslingar når dei heldt på med hundane. Merita sitt særpreg er tolmod, medan Stein står for displin og erfaring. Dei kan godt bruka kvarandre sine hundar, men berre når den andre ikkje er tilstades. Slik er hundane.
Begge to har dei stor erfaring. Merita fekk sin første gjetarhund i 2003. Stein fekk sin første hund i 1994. Stein konkurrerer i noregstoppen. Han har delteke 26 gonger i NM for gjetarhund, og har vore på landslaget. Han er dommar i konkurransar, og har også vore dommar i NM. I tillegg heldt dei kurs.
-Landslaget krev enorm trening, det rekk me ikkje no, seier Stein. Først og fremst er hundane i arbeid for oss, konkurranse er bonus. Ved å konkurrera vert hundane betre, fordi ein heile tida må finpussa. Det er viktig og trena mykje om dei skal bli skikkeleg gode.
Merita og Stein driv med oppal og sal av gjetarhundar. Dei har eigne kull, og dei kjøper kvalpar av andre, trenar hundane og sel ut arbeidshundar. Dei fortel at dei årleg reiset til Skotland for å sjå på hund, og innimellom kjøper dei også nye der.
-Me vert glade i hundane våre, dei eldste me har vil aldri vera til sals, det er dei einige om.
Etter kvart ynskjer dei å laga til gjetarhundkurs på Lavik. Med stort nettverk av gode gjetarhund-folk, har dei fleire som vil vera med dei som instruktørar. Garden på Lavik ligg godt til rette, med god plass både ute og inne.
-Den sosiale biten er viktig, seier Stein.
I oktober stå paret i bresjen for gjetarhundmeisterskap på Lavik. Med på laget er Vaksdal Sau og geit. Dette er meisterskap for unghund oppti 3 år, og ei kvalifisering til NM for gjertarhundar frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Merita og Stein stiller med areal og sau til meisterskapet. Tevlinga skal skje på Tåena, ved Kykjesteinen og butikken. Løypa og terrenget skal vera enkel og overkommeleg for unge hundar. Til no er det påmeldt 11 hundar, kan hende vert det fleire. Dei beste frå tevlinga på Lavik går vidare til NM. Stein skal også stilla med hund i meisterskapet.
Dagane vert lange i sesongane, med 100 % jobbar utanom. Denne torsdagskvelden hiv Stein seg i bilen for å henta heim ein sau som har forvilla seg langt nedover Modalen – og Merita gjer seg klar for å ta i mot 80 ballar vinterfôr.
-Men me kan slappa av inne også, ler dei begge to. Me flytta opp hit på det mørkaste og kaldaste i vinter, så me har prøvd det også.